Undersøking
Ultralyd av hjertet
Ekkokardiografi er ei ultralydundersøking av hjartet der vi kan sjå på dei ulike hjartekammera, på hjarteklaffane og på blodgjennomstrauminga i hjartet.
Vi bruker ekkokardiografi ved utgreiing av dei fleste hjartesjukdommane og medfødde hjartefeil, og dette er veldig viktig før ein operasjon på hjarteklaffane. Undersøkinga kan også vere nyttig for å sjå om hjartet pumpar godt ved alvorlege sjukdommar i andre organ. Vi vurderer hjartemuskelen, hjarteklaffar og dei store blodkara som går til og frå hjartet. Vi vil også kunne måle blodtrykket i lungekretsløpet.
Før
Undersøkinga krev ingen spesielle førebuingar. Du kan ete som vanleg. Eventuelle medisinar tar du som du pleier.
Under
Etter
Etter undersøkinga kan du reise heim, eventuelt skal du tilbake til avdelinga dersom du er innlagt. Det er vanleg å få eit foreløpig resultat rett etter undersøkinga. Vi sender skriftleg svar til tilvisande avdeling, sjukehus eller fastlege.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Hjerte poliklinikk
Oppmøtestad
Vår poliklinikk ligg i 2.etasje. Bruk heisen ved resepsjonen i første etasje. Ta til høgre når du skal ut av heisen.Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund