Behandling

Pacemaker - kontroll

Informasjon til deg som skal til pacemakerkontroll.

Før

Ta med liste over medisinar du bruker. Det er elles ikkje spesielle førebuingar.

Under

Vanlege pacemakerkontrollar blir utført av spesialopplært sjukepleiar eller lege. Har du ein spesiell pacemakerar og særskilde problemstillingar, blir kontrollen gjort av lege.

Ved undersøkinga vil du få ein samtale om eventuelle pacemakerrelaterte problem.

Det blir gjort ein teknisk kontroll av pacemaker, avlesing av lagra data og kontroll på at programmeringa er optimal.

Etter

Du blir sett på venteliste for ny time til pacemakerkontroll. Vanlegvis er det årlege kontrollar.

Resultat av kontrollen vil bli sendt til fastlegen din.

Kontakt

  • Kontakt Hjerte poliklinikk

    Oppmøtestad

    Vår poliklinikk ligg i 2.etasje. Bruk heisen ved resepsjonen i første etasje. Ta til høgre når du skal ut av heisen. 
    Flyfoto av en by

    Haugesund sjukehus

    Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

    Transport

    Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

    www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

    www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

    Praktisk informasjon

    Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

    Opningstider:

    Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

    Opningstider:
    Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

    Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

    Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

    Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

    Opningstider:
    Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
    Laurdag: 9.00-20.00
    Søndag: 10.00-20.00 




    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede.

    Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

    ​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

    Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

    Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

    Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

    Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

    Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​


  • Kontakt Medisinsk sengepost Odda
    En bygning med et fjell i bakgrunnen

    Odda sjukehus

    Sjukehusvegen 10, 5750 Odda

    Transport

    ​For informasjon om lokalrutetilbod til Odda sjukehus, sjå www.skyss.no. For ekspressbuss, sjå www.nor-way.no.

    Praktisk informasjon

    ​Næraste daglegvare er Bunnpris, 700 meter frå sjukehuset. Adressa er Hjøllo 1, 5750 Odda.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​Kantina ligg i U-etg.
    Opningstider:
    Måndag-fredag kl. 10.00-12.30

    Det ligg ein kiosken ved hovudinngangen
    Opningstider:
    Måndag-fredag kl. 10.00-18.00.

    Kiosken har ikkje betalingsterminal.

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede.

    Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

    Det er ikkje minibank ved sjukehuset. ​Næraste minibank ligg i Odda sentrum.

    Parkering for pasientar og besøkande ligg på sjukehusområdet.
    Du kan parkere på sørsiden av sjukehuset eller på østsiden/baksiden ved elven eller augelegekontoret. Det er gratis parkering.

    Det er ikkje tilgjengelege ladestasjonar for lading av elbil.

    Det er reservert plass for HC-parkering utanfor hovudinngangen.

    Reservert plass for blodgivar er på parkeringsplassen sør for sjukehuset.

    Hugs å legge parkeringsbeviset for desse plassane godt synleg i frontruta.



    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.