Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Åreknuter – radiofrekvensablasjon

Åreknutar blir ofte behandla med radiofrekvensablasjon.

Tilvising og vurdering

Fastlegen vil vurdere om plagene dine er slik at støttestrømper vil vere tilstrekkelege for deg, eller om du må tilvisast vidare til karkirurgi.

Åreknutar blir delte inn i seks stadium, der dei mest alvorlege inneber misfarging av huda, eksem og sår på beina. Dersom pasienten berre har kosmetiske åreknutar, bør dette behandlast med støttestrømpe.

Mellom desse to ytterpunkta finst ei stor pasientgruppe som har så store plager med verk, kløe, hovne bein eller ei kjensle av tyngde i beina som gjer at dei bør få tilbod om operasjon.

Før

Før vi startar sjølve operasjonen bruker vi ultralyd for å lokalisere dei åreknutane som gir deg plagar og teiknar omrisset av dei på deg.

Du får lokalbedøving på området der inngrepet skal utførast.

Det er ein fordel om du på førehand kjøper ein kompresjonsstrømpe som du tar med deg til sjukehuset. Kompresjonsstrømpen kan du ta på deg etter operasjonen for å betre blodstraumen i beina. Dette gjer at du kjem deg raskare etter inngrepet.

Under

Ved hjelp av eit spesialkateter går vi inn i venen for å stenge henne ved oppvarming.

Når vi er ferdige lukkar vi alle innstikka med kirurgisk teip og lindrar beinet ditt med eit elastisk bind rundt beinet.

Heile inngrepet tar 20–30 minutt.

Etter

Du kan dra heim etter operasjonen. Dei fleste klarer seg utan sjukmelding, men du kan ikkje køyre bil same dag som inngrepet blei gjort.

Etter to dagar kan du sjølv skifte ut det elastiske bindet med ei støttestrømpe.

Ver merksam

Dersom du har fått fjerna store åreknutar kan det vere ømt og hovent der åreknutane sat. Dette går over i løpet av nokre dagar.

Sist faglig oppdatert 22.01.2025

Kontakt

Stord sjukehus Dagkirurgi Stord

Kontakt Dagkirurgi Stord

Oppmøtestad

Gå til ventesone utanfor dagkirurgisk avdeling i 2. etasje på Stord sjukehus.

Du må først registrere at du er komen. Dette gjer du på automaten i resepsjonen i 1. etasje, eller på mobiltelefon via SMS-en du får frå oss. 

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64, 5416 Stord

Transport

​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no.

OBS: Ved søk i reiseplanleggaren må du skrive «Fylkessjukehuset» dersom du skal til/frå Stord sjukehus eller Stord DPS, då dette er Skyss sitt haldeplassnamn for dette busstoppet.

Praktisk informasjon

​Det er ikkje publikumsapotek på sjukehuset, men det er fleire apotek i og rundt Leirvik sentrum.

Måndag-sundag: 17.00-18.30

Det er eigne besøkstider og reglar for føde og barsel.

Oppdatert informasjon finn du på sida om besøkstider

​Nærmaste daglegvare er Spar Ådland, Olvikvegen 52, 5416 Stord. 1.5 km med bil, 500 m til fots på gangsti bak ambulansestasjonen.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Publikumskantine finn du i underetasjen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 11.00-14.00. Det er stengt i helger og på heilagdagar.

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Nærmaste minibank Stord sjukehus: Sparebanken Vest, Leirvik sentrum.

Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift.
 
Det er innført skiltgjenkjenningssystem på Stord sjukehus. Du får tilsendt faktura frå ParkPay etter inn- og utkøyring. 
 
​Pris for å parkere er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.
 
Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov. 
 

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.