Arginin/insulin stimulasjonstest – barn og unge

Veksthormon blir laga i hypofysen og kjem ut i blodet i korte periodar. Formålet med testen er å undersøke frigjeringa av veksthormon i blodet etter ei kombinert stimulering med arginin-insulin.

Før

Du må leggast inn på sjukehuset i to dagar for å få utført testen. Gi beskjed dersom du blir sjuk, for da må vi utsette testen.

Under

Dag 1

Den dagen du blir lagd inn, blir det gjennomført mottak, innkomstundersøking og du får informasjon om testen.

Du vil få lagt inn ein venekanyle i armen eller på handbaken. Dette er eit lite plastrøyr som går inn i ei blodåre, som vi bruker både til å ta blodprøver og for å tilføre hormonstoffet. I dei fleste tilfella er det altså nok med eitt stikk. Du kan få bedøvingskrem på huda før dette om du ønsker det. Vi legg som regel venekanylen inn på kvelden, slik at du er klar for testen så tidleg som mogleg neste morgon.

Du må faste frå midnatt kvelden før sjølve testen og til testen er ferdig neste dag. Det vil seie at du ikkje kan ete eller tygge tyggegummi, men du kan drikke vatn.

Dag 2

Om du ikkje fekk lagt inn ein venekanyle da du kom, legg  vi den inn nå.

Stoffa blir tilførte gjennom venekanylen.

Først får du arginin hydroklorid, som er ei aminosyre. Den kan av og til framkalle litt kvalme.

Etter éin time får du insulin, som gir lågt blodsukker. Lågt blodsukker kan gjere at du får symptom som kaldsveitte, trøyttleik, tørste, svolt og irritabilitet. I nokre tilfelle kan du også bli veldig søvnig. Ubehaget kan vare i opptil ein halv time, og blodsukkeret blir ofte målt i denne perioden.

Arginin/insulin stimulasjonstest varer vanlegvis i 3–4 timar.

Du vil få mat og drikke med éin gong testen er ferdig. Resten av dagen bør du vere saman med ein vaksen og berre delta på rolege aktivitetar.

Etter

Blodprøvene blir sende til analysering. Ved veksthormonmangel vil ein ikkje måle stigande verdiar av veksthormon i blodet tatt under testen. Resultatet er vanlegvis klart etter nokre veker. Legen som tilviste deg til stimulasjonstesten vil tolke resultatet og forklare deg meir, og informere om vidare oppfølging og tiltak.

Kontakt

Haugesund sjukehus Barneavdelinga

Kontakt Barneavdelinga

Oppmøtestad

Vår avdeling med sengepost og poliklinikk ligg i 3. etasje. Ta trappene eller heisen ved Narvesen. Du kjem rett til avdelinga når du går ut i 3. etasje.

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.