Før du kjem til avtale om utgreiing i HABU, bør du tenke gjennom, og gjerne notere, det du synest er aktuelt om utviklinga og funksjonen til barnet eller ungdommen, når det gjeld:
- språk og kommunikasjon
- leik og samhandling med andre barn og vaksne
- dagleglivets aktivitetar – slik som eting, påkledning og hygiene
- søvnmønster
- fritidsaktivitetar
Historikken kan gi viktig informasjon til utgreiinga: når åtferdsvanskane begynte, kor ofte og i kva situasjonar åtferda dukkar opp, kva omfang den har, kva som utløyser den, og kva som kan dempe den.
Det er ønskeleg at to vaksne følger til avtalen. Dersom det er andre enn føresette som følger barnet eller ungdommen, må dette vere personar som kjenner han eller henne godt.
Dersom barnet eller ungdommen har hjelpemiddel som er i jamleg bruk, så ta dei med til avtalen i HABU. Dette kan vere hjelpemiddel for forflytting, kommunikasjon eller anna.
Undersøking hos lege og fysioterapeut kan innebere at barnet eller ungdommen er mest mogleg avkledd. Det kan derfor vere fint å ta med for eksempel ein shorts og ei ermelaus trøye.
Det er viktig at barnet eller ungdommen er godt forberedt og har fått godt tilpassa informasjon om avtalen i HABU før de kjem.