Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

AV-fistel operasjon

Ein AV-fistel er eit samband mellom ein arterie og ein vene under huda. Denne blir laga til hos pasientar med nyresvikt som har behov for langvarig dialyse. Fistelen blir vanlegvis laga til på venstre underarm (den ikkje-dominante armen). Dette gjer at venen utvidar seg, og blir større og sterkare slik at han kan brukast til dialyse.

Før

Når legen har bestemt at du treng ein AV-fistel, vil du først bli undersøkt av ein karkirurg. Det blir også tatt ein ultralydundersøking for å vurdere kva blodårar som eignar seg best. Du blir så innkalla til operasjon.

Under

Du blir innlagt den dagen du skal opererast og planlagt skrive ut same dag. Nokon blir liggande over på sjukehuset til neste dag, for eksempel viss operasjonen blir seint utført på dagen. Vanlegvis går operasjonen føre seg med lokalbedøving, altså utan narkose. 

Etter

Innan fire dagar etter operasjonen, skal sjukepleiar kontrollere fistelen.  
 
 

Om du allereie går i dialyse, vil sjukepleiar på dialyseavdelinga kontrollere fistelen din når du er til dialysebehandling. Har du ikkje starta med dialysebehandling ennå, er det sjukepleiar på nyremedisinsk poliklinikk som kontrollerer han. Du vil da få innkalling til time på poliklinikken. 

Sjukepleiar vil kjenne på fistelen og lytte på den med stetoskop. Dette er for å kjenne og høyre at fistel-åren ikkje er i ferd med å tette seg og at fistelen utviklar seg slik han skal. Vidare ser vi etter teikn på komplikasjonar. Dette kan vere at fiselåren tettar seg, eller ikkje utviklar seg slik vi ønsker. 

Inntil såret har grodd, vil sjukepleiar gjennomføre sårskift. Såret blir desinfisert og bandasjen blir bytt. Dersom det er sting som skal fjernast, blir dette gjort tidlegast etter ti dagar. 

Når kan fistelen takast i bruk? 

Fistelen treng tid for å utvikle seg slik at han kan brukast til dialysebehandling. Vi bereknar rundt 12 veker, men dette kan variere. 

Om du må starte i dialyse før fistelen er klar til å bli brukt, vil du få eit kateter som er lagt inn i ei blodåre på brystet. Dette blir fjerna når fistelen er i bruk og er velfungerande. 

Sjølv om du ikkje skal starte i dialyse med ein gong toler fistelen å ikkje vere i bruk. Men hugs at det er vktig at du følger råda for korleis du skal ta vare på den. 

Når skal Av-fistelen brukast? 

Av-fistelen blir brukt kvar gong du skal til dialysebehandling. Før behandlinga startar, blir det lagt inn to nåler. Den utvida venen medfører at ein får tak i nok blod til å gjennomføre ei dialysebehandling. Under dialysebehandlinga blir kopla dei to nålene til blodslangane på dialysemaskina. Via den nedste nåla tar maskina blodet ut, sender det gjennom dialysemaskina slik at det blir rensa og fører det så tilbake til deg via den øvste nåla. 

Ver merksam

Fistelarmen skal vere mest mogleg i ro dei første dagane 

  • Ikkje ha noko stramt rundt fistelarmen
  • Ikkje ha stramt, ettersittande tøy, klokke eller smykke på armen
  • Ikkje bruk armen der du har fistel til tunge løft dei første 8-10 vekene etter operasjonen
  • Ikkje ta blodprøver, blodtrykk eller legg inn venekanyle i armen der du har fistel. 
     

Du må dagleg kontrollere at fistelen fungerer. Du må kjenne på den, og sjekke at det er lyd og god rørsle (svirr) i den. 

Sist faglig oppdatert 20.02.2023

Kontakt

Haugesund sjukehus Nyrepoliklinikk

Kontakt Nyrepoliklinikk

Oppmøtestad

Vi held til i 5. etasje på Haugesund sjukehus. Enklaste vegen er å ta heisen ved resepsjonen. Gå til ventesone 5A.  

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF 

Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.