Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Et nærbilde av en trappeoppgang

Nyrepoliklinikk

Vi behandlar pasientar med kronisk nyresjukdom, forstyrringar i salt- og væskebalanse og vanskeleg regulerbart blodtrykk. Nyrepoliklinikken følger også opp pasientar som har fått transplantasjon.

Pasientar som kjem til oss må vere tilvist frå lege.

Sjølv om du har nyreutfordringar, betyr ikkje det nødvendigvis at du treng dialyse. Mange klarer seg utan. Viss det er aktuelt med dialyse, vil vi vurdere kva type behandling som passar best for deg. 

Vi tilbyr nyreskole med kurs for dei med nyresjukdom, som er forventa å starte med dialyse og/eller skal ha transplantasjon. Nyreskolen blir gjennomført to gonger i året, om våren og hausten. Nokre får delta på nyreskolen før oppstart av dialyse, og nokre etterpå.  

Kursinnhald 

Kurset tar for seg emne som har stor betydning for deg som har kronisk nyresvikt. Du vil gjennom kurset få mykje viktig informasjon om din sjukdom og forskjellige behandlingsmoglegheiter. Du får også informasjon om kva mat du bør ete, og kva du eventuelt bør unngå.  

På nyreskolen får du: 

  • Gjennomgang av nyrenes funksjon 
  • Sjukdommar som fører til nyresvikt 
  • Medikament 
  • PD – heimedialyse og dialyse på sjukehus 
  • Kosthald 
  • Om støtteorganisasjonen LMT 
  • Transplantasjon 
  • Besøk av ein donor og ein som er transplantert 
  • Trygderettar og fysisk aktivitet 

Matservering 

Det vil bli servert enkel lunsj med påsmurte horn og kaffe/te. Dette koster 50 kr for kvar person og kvar undervisningsdag. Pasientar som ikkje har frikort, vil i tillegg få tilsendt ein faktura på eigenandel for kurset. Pårørande betaler ikkje for kurset, men må betale for maten.  

Vi har eit eige program med transplantasjonskoordinator for dei som skal nyretransplanterast. Dersom du er ein av dei, vil du få oppfølging av lege/sjukepleiar for meir informasjon og vidare undersøkingar.  

Dei som blir tilvist til nyrepoliklinikken får tildelt legetime hos oss. Vi anbefaler at du møter opp til timen du har fått tildelt. Dersom du vel å bytte time, kan det bli lang ventetid på grunn av fulle ventelister. 

Du vil enten få time hos nyrelege eller sjukepleiar. Du vil også ha jamlege legetimar dersom du er under oppfølging av sjukepleiar.  

Hugs å ta med medisinliste til timen din.  

Du vil få tilsendt eit brev om tid, stad og kva undersøkingar du eventuelt skal ha. Brevet får du digitalt og kan lesast på helsenorge.no. Har du ikkje tilgang til nett, får du brevet i postkassen din som før.  

Dersom du skal ta blodprøve, får du informasjon om dette i innkallingsbrevet. Hugs å ta blodprøve nokre dagar før eller seinast dagen før du har time hos poliklinikken. Møt opp på laboratoriet på Haugesund sjukehus for å ta blodprøve. 

Prøvetaking og opningstider - Helse Fonna HF 

Sjå informasjon om diagnoser, undersøkingar og behandlingar nedst på sida.

Kontakt

Telefon

  • Måndag - Fredag 08:00 - 14:00
  • Laurdag - Søndag STENGT

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til i 5. etasje på Haugesund sjukehus. Enklaste vegen er å ta heisen ved resepsjonen. Gå til ventesone 5A.  

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF 

Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Eigendel

Du får dekka deler av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Det er ulike eigendelar avhengig av helseteneste.

Eigendelar for helsetenester - Helsenorge

Frikort

Du får frikort for helsetenester når du har betalt over eit visst beløp i eigendeler. Når du viser frikort, slepp du å betale eigendelar for resten av kalenderåret.

Frikort for helsetjenester - Helsenorge

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.