Behandling
Avrusing frå alkohol
Avrusning frå alkohol bør skje på institusjon når det er fare for alvorlege avrusingsreaksjonar, når du tidlegare har hatt delirium tremens (akutt forvirring utløyst av alkoholabstinens) eller abstinenskramper. Det er også tilrådeleg viss du har samtidige alvorlege somatiske eller psykiske helseproblem, andre kompliserande tilstandar (som graviditet) og viss du har avhengigheit av fleire rusmiddel eller blandingsmisbruk.
Avrusing på institusjon inneberer medikamentelle, medisinske, miljøterapeutiske og sosiale tiltak for å hjelpe deg å kome gjennom avrusings- og abstinensfasen. Du får tilbod om opphald i eit skjerma miljø med individuelle tiltak for akkurat din tilstand.
Før
Du bør lage deg ei oversikt over alkoholforbruket ditt den siste tida, slik at dei medisinske og miljøterapeutiske tiltaka kan tilpassast behovet ditt best mogleg. Dersom du har erfaringar med avrusing frå tidlegare, og veit kva som fungerer for deg, bør du informere behandlaren din om dette. Det er viktig at du seier ifrå om eventuelle episodar med forvirring eller kramper under avrusing, då dette auker faren for at det kan skje igjen. Du vil få behandling for å førebygge dette.
Vi vil ta kontakt med fastlegen din/tilvisar, men vi vil at du informerer oss om kroppslege eller psykiske plager du ønsker at vi skal vete om eller forsøke å hjelpe deg med.
Mange gruer seg til avrusinga og slit med eigenmotivasjonen før innlegginga. Dette er noko vi kan hjelpe deg med om du seier ifrå om dette.
Viss du lurer på noko, kan du ta kontakt med oss.
Treng du transport til samtale/ innlegging? Les om pasientreiser på helsenorge.no
Under
I innkallingsbrevet står det informasjon om stad og tidspunkt for oppmøte til innlegging. Nyleg inntak av rusmiddel er inga hindring for å møte til avtalt tidspunkt. Vi kan ta i mot deg i den forma du er.
Når du kjem til avdelinga blir du tatt imot av helsepersonell, og du blir undersøkt av lege. Du blir bedt om å avgi promilletest (blåsetest).
For å førebygge faren for utvikling av Wernickes encefalopati, som kan oppstå som følge av mangel på tiamin (vitamin B), vil du få tilbod om B- vitamininjeksjonar dei første dagane. Vi anbefaler sterkt at du tar imot dette. Vi vil i den første tida måle puls og blodtrykk, og sjekke andre symptom på abstinensar, slik at du kan få rett medisinsk behandling og for å førebygge komplikasjonar.
Viss du er i fare for å utvikle kramper, vil du få medisin som førebygger dette. Nok søvn og mat er viktig for at du skal kome best mogleg gjennom denne fasen. Du opphalder deg på rommet og blir oppfordra til å sove mykje dei første dagane. På generell basis varer denne fasen ca ei veke.
Etter
Avrusing er som regel den første delen av eit lengre behandlingsforløp. Eventuell oppfølging etter opphaldet vil anten avklarast før du kjem eller i løpet av behandlinga.
Vi kommuniserer med fastlege og eventuelle andre som skal følgje deg etter behandlinga. Det kan for eksempel vere kommunal oppfølgingsteneste, legemiddelassistert rehabilitering (LAR), apotek, ruskonsulent, rusteam og liknande.
Informasjon blir kun videresendt til andre instansar med tillating frå deg.
Vi kan formidle kontakt med likemannstiltak og andre tilbod som kan vere til støtte for deg etter behandlinga som Anonyme alkoholikere (AA), Anonyme narkomane (NA) og liknande.