Behandling

Bånd på livmorhalsen

Cerclage blir brukt i eit forsøk på å hindre for tidleg fødsel. Cerclage er eit band som blir sydd rundt livmorhalsen (cervix) for å hindre at den opnar seg. Nytt av cerclage er omdiskutert, og først etter nøye vurdering blir denne behandlinga tilbydd.

Vi anbefaler at cerclage berre blir brukt hos eit fåtal kvinner med spesielle indikasjonar. Kvinner som tidlegare har seinabortert eller fødd for tidleg fleire gonger, der årsaka blir antatt å vere cervixinsuffisiens (det vil seie at livmorhalsen opna seg utan smertefulle rier og utan påvist infeksjon), synest å ha nytte av cerclage.

Det finst fleire typar cerclage. Ekstern cerclage blir lagt via skjeden, vanlegvis i veke 13–14. Intern cerclage blir lagt innvendig gjennom bukhola, også før graviditet. Sistnemnte blir sjeldan brukt.

Før

​​Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.

Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om. 

Under

Operasjonen blir gjennomført ved at vi syr eit band rundt livmorhalsen din. Inngrepet blir gjort på operasjonsstova i spinalbedøving, eventuelt i narkose. 

Vi gjer operasjonen for ekstern cerclage via skjeden. Ved akutt cerclage gir vi vanlegvis rihemmande medikament.

Vi set inn innvendig (intern) cerclage ved kikkholskirurgi (laparoskopi) eller ved kirurgisk opning av buken (laparotomi).

Gjer det vondt?

Under inngrepet er du bedøva og kjenner ikkje smerter. Ved spinalbedøving kan du kjenne berøring, men ikkje smerter. Etter inngrepet kan nokre få ubehag eller menstruasjonsliknande smerter. Du kan då ta smertestillande.

Kor lenge varer behandlinga?

Ekstern cerclage tar vanlegvis 15–30 minutt. Intern cerclage operasjon tar omtrent ein time. I tillegg kjem tid for å gi bedøving og starte og avslutte prosedyren.

Etter

Etter inngrepet blir du observert nokre timar. Nokre får reise heim same dag, mens nokre blir observert over natta eller lenger.

Som regel får du full sjukemelding og bør ta det med ro den første veka. Legen vurderer deretter nødvendigheita av sjukemelding vidare i svangerskapet når det gjeld arbeidsbelastning, tidlegare sjukehistorie og individuelle risikofaktorar.

Vidare oppfølging 

Vi kontrollerer livmorhalslengda med innvendig ultralyd. Hyppigheita av kontrollane blir vurdert av legen. Cerclagen blir fjerna rundt veke 36, eventuelt før ved komplikasjonar. Som regel kan ekstern cerclage bli fjerna greitt utan bedøving. Tråden blir klipt og trekt ut. Deretter kan naturleg fødsel starte. Ved intern cerclage må ein gjere keisarsnitt.

Ver merksam

Moderat bløding frå skjeden og moderate smerter kan førekomme dei første par dagane. 

Feber og illeluktande utflod kan vere eit teikn på infeksjon. Ved aukande smerter, feber, rier eller bløding etter inngrepet må ein kontakte lege eller vakthavande gynekolog.



Kontakt

Haugesund sjukehus Føde og barsel Haugesund

Kontakt Føde og barsel Haugesund

Oppmøtestad

3. etasje i nybygget ved Haugesund sjukehus. Gå gjennom dei doble dørene ved Narvesen og ta heis eller trapp opp til vår avdeling.

Besøkstider og retningslinjer for besøk

  • Barnefar: kl. 09.00 - 21.00
  • Barnets søsken og besteforeldre: kl. 17.00 - 18.00

Andre besøkande er av omsyn til mor og barn, ikkje tillate i avdelinga.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

 

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.