Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Barneleddgikt – augekontroll

Barneleddgikt medfører auka risiko for at barnet utviklar regnbogehinnebetennelse. Da barnet som oftast ikkje merkar betennelsen sjølv, vil han kunne halde fram ubehandla over lang tid om de ikkje går til augelege med jamne mellomrom. Augelegen kan tidleg i forløpet sjå betennelsesceller i mikroskoplampa.

Regnbogehinna er den farga delen rundt pupillen i auget.

Akkurat som leddgikt er regnbogehinnebetennelse ein autoimmun sjukdom, der immunforsvaret til kroppen «misforstår» og reagerer på kroppen sitt eige vev (i dette tilfellet regnbogehinna) som om den var ein inntrengar.

Regnbogehinnebetennelse rammar vanlegvis berre eitt auge om gongen.

Regnbogehinnebetennelse hos barn gir enten ingen symptom i det heile eller ganske beskjedne. Auget kan bli raudt, nokon kan merke eit lett ubehag eller litt tåkete syn. Pupillen kan bli liten. Om regnbogehinna på grunn av betennelse veks fast i linsa, kan pupillen bli ujamn i forma. Ein får ikkje verk i auget.

Risikoen for regnbogehinnebetennelse varierer avhengig av type barneleddgikt.

Kor kraftige plager ein har av leddgikta har ingenting å seie for om ein får regnbogehinnebetennelse eller ikkje. Også barn som er lite plaga av leddgikta kan utvikle regnbogehinnebetennelse. Totalt får omtrent ein femdel av barna med barneleddgikt regnbogehinnebetennelse på eit tidspunkt.

Ein kan ikkje føreseie kva barn som aldri får regnbogehinnebetennelse, derfor må alle kontrollerast.

Risikoen for regnbogehinnebetennelse varierer avhengig av type barneleddgikt.

Kor kraftige plager ein har av leddgikta har ingenting å seie for om ein får regnbogehinnebetennelse eller ikkje. Også barn som er lite plaga av leddgikta kan utvikle regnboge-hinnebetennelse. Totalt får omtrent ein femdel av barna med barneleddgikt regnbogehinnebetennelse på eit tidspunkt.

Ein kan ikkje føreseie kva barn som aldri får regnbogehinnebetennelse, derfor må alle kontrollerast.

Nei, det ser ikkje ut til at ytre omstende vi som foreldre rår over har noko å seie, men det er fint om de hjelper til med å passe på at barnet ikkje fell ut av kontrollopplegget.

Ein kan godt også undersøke at barnet har store, jamne og runde pupillar 1–2 gonger per månad. I eit halvmørkt rom blir pupillane store og da kan ein som regel sjå dette greitt.

Dersom barnet har ujamn pupill, kontakt augelegen eller augeavdelinga innan 18 timar.

Undersøking og behandling

Augelegen undersøker barnet i «spaltelampa». Dette er ei kraftig forstørrande lampe. Barnet står på fanget til foreldra, eller sit sjølv når ho/han er stor nok.

Undersøkinga gjer ikkje vondt.

Dei større barna får også undersøkt synet.

Undersøkinga tar ofte berre nokre minutt, men av og til må vi gi ein augedrope som gjer pupillen stor. Da må vi vente cirka 45 minutt på at han verkar, før vi får undersøkt ferdig.

Regnbogebetennelse blir behandla med augedropar

  • Vi bruker kortisondropar for å dempe betennelsen i auget.

  • Ofte gir vi også dropar som gjer pupillen større. Det reduserer risikoen for at linse og regnbogehinne veks saman.

  • Det er viktig å bruke rett mengde dropar – ikkje for mykje og ikkje for lite.

  • Kortisondropar verkar godt mot betennelse, men kan gi biverknader. Ved langvarig bruk kan dei føre til grå eller grøn star.

  • Barn som får behandling, må oftare til kontroll.

  • Følg råda til legen nøye når du dryp auga.

Etter

Kontroll

Kontrollar tilpassar vi risikoen for barnet for å få regnbogehinnebetennelse, men dei fleste går 3–4 gonger årleg dei første åra, og seinare noko sjeldnare. 

Kontrollane blir avslutta når barnet er rundt 17 år gammal.

Sist faglig oppdatert 05.12.2024

Kontakt

Haugesund sjukehus Barn og ungdom poliklinikk

Kontakt Barn og ungdom poliklinikk

Oppmøtestad

Du finn oss i 3. etasje på Haugesund sjukehus. Ta trappene eller heisen ved Narvesen kiosken i 1. etasje for å kome til oss. Då kjem du rett til avdelinga vår i 3. etasje. Meld deg i skranken vår når du kjem.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF 

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund