Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Bacillus Calmette Guerin

BCG-instillasjon i blære

Undersøkingar viser at det er funne kreft i urinblæra di. Du er operert med fjerning av svulsten. For å motverke danning av nye svulstar, gir vi av og til instillasjon med BCG (Bacillus Calmette Guerin) i urinblæra. BCG-preparatet er laga av levande, men svekte BCG-bakteriar. Bakterien som blir brukt er den same som blir brukt ved vaksinasjon mot tuberkulose. Behandlinga blir brukt ved overflatisk veksande kreft med tendens til nye svulstar etter operasjon.

Før

Før instillasjonen kan du ete, men du bør unngå å drikke væske 3–4 timar før behandlinga. Dette for at urinblæra skal vere tom før instillasjonen, slik at ein unngår fortynning av medikamentet.

Ta med urinprøve før kvar behandling.

Under

Slik er behandlinga:

  1. Tøm blæra.
  2. Det blir lagt inn eit tynt kateter gjennom urinrøyret til urinblæra.
  3. BCG-oppløysinga blir sett inn i kateteret, så blir kateteret fjerna.
  4. Ved første gongs instillasjon får du ikkje dra heim før det har gått 20 minutt
  5. Oppløysinga blir halden i blæra i minst 30 minutt, og helst 2 timar, så langt det er mogleg.
  6.  

Etter

Etter instillasjonen er det viktig at du drikk rikeleg med væske i løpet av det første døgnet.

Toalettbesøk

BCG-oppløysinga inneheld bakteriar, derfor er det viktig at du tar spesielle forholdsreglar når urinblæra blir tømt. Desse råda skal følgast kvar gong du lèt vatnet dei første 6 timane etter blæreinstillasjonen.

  • Sitt på toalettringen, også menn! Dette for å unngå søl av urin. Dersom du søler urin, tørk opp med papir, kast papiret i toalettet, vask hendene, ta nytt papir fukta med ublanda klor og vask over, kast papiret og vask hendene igjen.
  • Både menn og kvinner skal tørke seg med papir over urinrøyropninga. Skyll papiret ned i toalettet.
  • Før spyling, hell 2 koppar med klor i toalettskåla, gjerne rundt i skåla først.
  • Lukk lokket og vent 15 minutt før du spyler ned.
  • Vask genitalia og hender med såpe i rennande vatn før du skyl ned.

Ta ekstra omsyn til hygiene ved omgang med personar som har svekt motstandskraft mot infeksjonar. Det kan vere risiko for å infisere partnaren med BCG-bakteriar. Ved samleie skal det derfor nyttast kondom i inntil to veker etter siste behandling. Kvinner i fertil alder må bruke prevensjonsmiddel under heile behandlingstida, for å unngå graviditet.

Ver merksam

Det er vanleg med hyppig vasslating og svie etter instillasjon av BCG, og det kan førekomme lett temperaturstigning med influensaliknande symptom og generelt ubehag. Det same gjeld lett blodtilblanda urin.

Du kan eventuelt ta reseptfrie Paracet mot feber/smerter.

Dersom du får høg temperatur og elles sjukdomskjensle som varer utover 2–3 dagar, ber vi deg ta kontakt med fastlege eller urologisk poliklinikk.

Sist faglig oppdatert 31.10.2024

Kontakt

Haugesund sjukehus Urologisk avdeling

Kontakt Urologisk avdeling

Oppmøtestad

Du finn Urologisk poliklinikk i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Vi er samlokalisert med kirurgisk poliklinikk. Ta kontakt med ekspedisjonen vår når du kjem.

Meld at du er komen via SMS-en du har fått, eller på automaten ved hovudinngangen til sjukehuset. 

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.