Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling av svikt i hypofysen

Hypofysesvikt kan vere medfødd, men oppstår oftast som ei følgje av hypofyseadenomer (godarta svulstar i hypofysen) eller behandlinga av svulstane (oftast kirurgi). Andre sjeldne sjukdommar kan også gi hypofysesvikt. Behandlinga går ut på å erstatte dei hormonelle manglane som oppstår når hypofysen sviktar.

Årsaker

Hypofysen regulerer produksjonen av viktige hormon som kortisol i binyrene, tyroksin i skjoldbruskkjertelen, østrogen frå eggstokkane, testosteron frå testiklane og veksthormon frå hypofysen. Frå hypofysens baklapp blir vass- og saltbalansen regulert gjennom utskiljing av antidiuretiskhormon (ADH). Mangel på ADH er omtalt under diabetes insipidus.

Før

Under

Ver merksam

Kortisol er eit livsviktig hormon, og i dei dosane som blir brukte ved hypofysesvikt er det ikkje vanleg å sjå biverknader.

Overdosering med tyroksin kan føre til hjarteflimmer og beinskjørheit. Overdosering med veksthormon kan gi hevelse i finger og leddsmerter.

For høge dosar med testosteron kan gi uønskt høg blodprosent og risiko for blodpropp. Menn med kreft i prostata må avslutte behandling med testosteron.

For kvinner med brystkreft eller venøs/arteriell blodproppsjukdom gjeld vanlege kontraindikasjonar for behandling med østrogen-/progesteronpreparat.

Kontakt

Haugesund sjukehus Hemato/endo/infeksjon sengepost

Kontakt Hemato/endo/infeksjon sengepost

Oppmøtestad

Du finn oss i 5. etasje på Haugesund sjukehus (vestblokka). Ta heisen ved Narvesen-kiosken for å kome til oss. 

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.