Ta med utskrift av oppdatert medikamentliste frå fastlegen når du kjem til time hos nevrolog.
Behandling med epilepsimedisinar (anfallsførebyggjande legemiddel)
Medisinar mot epileptiske anfall førebyggjer og reduserer risikoen for nye anfall. 2/3 av dei som har epilepsi, har god effekt av medisinar og er lite plaga av anfall.
Tilvising og vurdering
Fastlegen tilviser deg til nevrolog for utgreiing og behandling av epilepsi.
Før
Under
Vi gjer ei individuell vurdering av kvar enkelt pasient når vi vel aktuell medisin mot epilepsien din.
Det er ei rekkje ting vi må ta omsyn til ved val av medisin:
- kva slags epilepsi du har
- alder
- andre sjukdommar eller medisinar
- kva fase av livet du er i (til dømes om du er i ein alder der du kan få barn)
- vekt
Kva gjer du dersom du har gløymt ei dose av medisinen, kastar opp eller har diaré?
Etter
Du må gå til kontroll hos nevrolog så lenge du ikkje har god anfallskontroll.
- Når du har vore utan anfall i eitt til to år vil det vere aktuelt med vidare oppfølging hos fastlege.
- Det er vanleg å ta blodprøver for å måle mengda av legemiddel i blodet og andre blodprøvar som del av oppfølginga av epilepsimedisinar for å tilpasse denne til deg.
Ver merksam
- Når du får anfallsdempande behandling kan du oppleve trøyttleik, påverknad av levra, og hudutslett.
- Dersom du får kraftige utslett i huda, kutt ut medisinane og ta kontakt med nevrolog, fastlege eller legevakt så fort som mogleg.
- Dersom du har vore anfallsfri i eitt år med same medisin kan du vanlegvis ha førarkort og køyre bil.
- Ved planlegging eller ønske om graviditet bør du ta kontakt med nevrolog for å få best mogleg tilpassa oppfølging av behandlinga. Blir du gravid utan at du først har hatt kontakt med nevrolog, bør du ta kontakt for å få ei vurdering av behandlinga og korleis oppfølginga skal vere.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Nevrologisk avdeling
Oppmøtestad
Nevrologisk sengepost
Vi held til i 5. etasje på Haugesund sjukehus. Bruk heisen ved Narvesen kiosken for å kome til oss.
Nevrologisk poliklinikk
Vi held til i 6. etasje på Haugesund sjukehus. Bruk heisen ved Narvesen kiosken for å kome til oss.

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund