Undersøking
Benmargsprøve fra hoftekam
Beinmergsprøve er ei vevsprøve som blir tatt frå hoftekammen med hjelp av eit spesielt instrument. Prøva viser korleis blodproduksjonen er, og om det eventuelt finst teikn på sjukdom i beinmergen. Prøva blir gjennomført under lokalbedøving.Før
Det finst inga førebuing for denne undersøkinga.
Under
Du må ligge deg på sida på ein behandlingsbenk. Legen finn innstikksstaden for prøvetakinga i hoftekammen. Staden blir merkt og det blir sett lokalbedøving.
Du kjem til å kjenne litt med det same sprøyta treff den ytre beinhinna. Når bedøvinga har fått verke, blir det gjort eit lite innsnitt der prøva skal hentast ut. Ei nål blir ført inn gjennom det harde ytre på knokkelen og inn til beinmergen, den indre delen som er ei blaut masse. Nokre kan merke litt ubehag idet nåla går gjennom det ytre knokkelvevet. Beinmergsmateriale blir henta ut med ei sprøyte.
Vidare blir det gjort eventuell vevsprøvetaking, der ein sylinderforma vevsbit blir tatt ut frå same stad i hoftekammen med hjelp av ei hol nål. Etter at vevsprøva er henta ut, legger vi press over innstikksstaden for å stoppe eventuell bløding, før området blir vaska reint, og bandasje blir lagt på.
Etter
Etter undersøkinga kan du reise heim.
Det er vanleg å kjenne seg sår ved innstikksstaden i nokre dagar etterpå. Bandasjen kan bli fjerna etter nokre timar.