Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Blæretømming med kateter hos vaksne

Rein intermitterande kateterisering (RIK), også kalla selvkateterisering, er ein av dei vanlegaste måtane å behandle blæretømmingsproblem på. Når ein ikkje får late vatnet eller har ufullstendig blæretømming, blir mange anbefalte å starte med selvkateterisering. Det inneber at urinblæra blir tømt regelmessig med eit glatt, mykt éingongskateter som blir ført inn gjennom urinrøyret og inn i blæra.

RIK

Det beste er å kunne utføre RIK sjølv. Opplæringa får du på sjukehus av uroterapeut (spesialsjukepleiar i urologi) eller sjukepleiar med erfaring på dette. Er det vanskeleg å utføre selvkateterisering på grunn av sjukdom eller fysiske handikap kan nær pårørande lære det, eller du kan få hjelp frå heimesjukepleiar.

Du vil ha behov for opplæring i

  • korleis urinvegane fungerer
  • kvifor du ut ifrå diagnosen din / problemstillinga di må starte med selvkateterisering
  • ulike kateter som kan brukast
  • den praktiske utføringa

Saman med deg vil uroterapeut/sjukepleiar legge til rette for deg slik at du skal du kjenne deg trygg på at du klarer kateteriseringa sjølv.

Kvifor blir behandlinga gjennomført?

Ein omtaler urinvegane som øvre og nedre urinvegar. Dei øvre består av nyrene og urinleiarane. Dei nedre består av urinblæra, urinrøyret og lukkemusklar. Urinrøyret til kvinna er cirka 4 cm langt og mannens er cirka 20 cm langt. Urinen blir produsert i nyrene og blir leidd ned til urinblæra gjennom urinleiarane. Urinblæra har to oppgåver – å samle urin og tømme urin.

Skadar, sjukdom og biverknader av legemiddel kan påverke kontrollen over blæra si samle- og tømmefase og gi vasslatingsforstyrringar med dårleg tømming av blæra. Det kan for eksempel vere nerveskade etter operasjonar i mageregionen, langvarig diabetes, isjias og nevrologisk sjukdom. Hos menn fører ofte prostataforstørring til tømmingsproblem. Symptom kan vere vanskar med å starte vasslatinga, svak stråle, kjensle av ufullstendig blæretømming, hyppig vasslating og urinvegsinfeksjonar.

Målet med RIK er at dei som er plaga med urinvegsinfeksjonar skal få mindre alvorlege og færre infeksjonar. Dei som har hyppig vasslating kan gå sjeldnare på toalettet og dei som har lekkasje fordi blæra er full, kan bli kvitt eller få redusert urinlekkasjen. Nokon kan få betre funksjon i blæremuskulaturen slik at dei kan slutte med RIK. Desse gode resultata kan oppnåast fordi urinblæra blir tømt fullstendig fleire gonger per døgn slik ho gjer når urinvegane fungerer som dei skal.  

Før

Du vil få grundig informasjon og opplæring om kvifor blæretømming med kateter er nødvendig, men det kan vere lurt å skrive ned det du lurer på, før du kjem til sjukehuset.

Under

Korleis går behandlinga føre seg?

RIK inneber at du tømmer urinblæra di regelmessig fleire gonger per døgn med eit éingongskateter.

  • R står for rein, det vil seie god handvask med såpe og vatn før og etter kvar kateterisering, og vask nedantil med lunkent vatn eller intimsåpe morgon og kveld.
  • I står for intermitterande. Det betyr med jamne mellomrom. Det er individuelt kor ofte blæra bør tømmast. Den som lærer deg RIK vil anbefale kor ofte du skal gjere det. Du skal alltid prøve å late vatnet først og så utføre kateterisering like etterpå.
  • K står for kateterisering. Det vil seie at du fører eit éingongskateter inn i urinblæra for å få tømt henne. Kast kateteret etter bruk. Bruk eit nytt kateter kvar gong.

For menn

  • Mange menn føretrekker å stå ved toalettet og kateterisere seg når dei er trena i RIK. Vi anbefaler at du sit dei første gongene.
  • Urinrøyret til mannen har ei S-form som blir retta ut ved å løfte og strekke penis opp mot magen. Ved å trekke forhuda tilbake og klemme lett rundt penishovudet med den eine handa blir det meir opning av urinrøyret. Med den andre handa tar du kateteret og førar det forsiktig innover i urinrøyret til urinen begynner å renne. Du kan kjenne litt motstand ved lukkemuskelen og i prostataområdet. Da skal du ikkje presse på, men prøve å slappe av, finne ei betre stilling, kanskje strekke penis litt meir oppover og halde eit jamt trykk på kateteret. Da glir det som regel inn i blæra.
  • Når urinen begynner å renne, skal du senke penis og føre kateteret litt lenger inn og halde på kateteret til blæra er tømt.
  • Når urinen sluttar å renne, trekker du kateteret langsamt ut for å få god tømming av blæra.
  • Kast kateteret i avfallsposen og vask hendene.

For kvinner

  • Kvinner har eit kort, rett urinrøyr. Urinrøyropninga ligg mellom klitoris og skjeden.
  • Du blir instruert i å halde kjønnsleppene godt frå kvarandre med den eine handa og du blir vist i ein spegel der klitoris, urinrøyropninga og skjeden er. Om du ser dårleg og ikkje har nytte av spegel, kan du føle med ein finger der urinrøyropninga er, eventuelt halde ein finger i skjeden mens du prøver å finne urinrøyret mellom skjede og klitoris.
  • Mange føretrekker å sitte med beina godt frå kvarandre enten på toalettet eller på ein stol. Andre synest det er greitt å stå.
  • I starten kan det vere ei hjelp å bruke spegel. Det kan festast på låret med borrelås eller plasserast på annan måte slik at du kan sjå deg sjølv nedantil. Det er individuelt kva som er beste løysing. Når du har lokalisert urinrøyropninga tar du kateteret med den andre handa og fører det forsiktig innover i urinrøyret til urinen begynner å renne.
  • Det er sjeldan motstand i urinrøyret til kvinna, men kjenner du det, skal du ikkje presse og bruke makt. Finn ei betre stilling, prøv å slappe av og prøv på nytt.
  • Når urinen begynner å renne, fører du kateteret litt lenger inn og held på kateteret til blæra er tømt.
  • Når urinen sluttar å renne trekker du kateteret langsamt ut for å få god blæretømming.
  • Kast kateteret i avfallsposen og vask hendene.

Gjer det vondt?

Det finst ulike kateter på marknaden. Vi anbefaler å bruke «hydrofile» kateter. Dei er glatte og glir lett inn i urinrøyret, og derfor er det ikkje nødvendig å bruke lokalbedøving.

Kor lenge varer behandlinga?

Kor lenge behandlinga varer er individuelt. Det avhenga av på kva indikasjon ein må utføre selvkateterisering.

Etter

Du må ha med deg kateter og bruke dei med jamne mellomrom, men tida mellom kateteriseringane er nesten som før vasslatingsproblema starta.

Du kan bade i sjøen, i basseng, i badekar, du beveger seg som før, og du kan ha eit vanleg seksualliv.

Biverknader og komplikasjonar

Den vanlegaste komplikasjonen ved intermitterande kateterisering er urinvegsinfeksjon.

For å førebygge urinvegsinfeksjon bør du:

  • vere nøye med hygienen
  • øve inn rett teknikk ved innføring av kateteret
  • tappe blæra heilt tom ved kateterisering slik at urin ikkje blir ståande igjen i blæra
  • auke frekvensen på RIK (for eksempel frå 3 til 4 gonger i døgnet)

Det totale blærevolumet bør ikkje overstige 400 ml, det vil seie det volumet du klarer å tisse sjølv og det du tømmer blæra for, med kateter.

Skal eg til kontroll eller følgast opp på nokon måte?

Oppfølginga blir tilpassa individuelt. Nokon meistrar RIK frå første dag, mens andre treng meir rettleiing, enten per telefon eller ved gjenbesøk på sjukehuset. For dei fleste går RIK greitt etter litt trening. Det er viktig at du kjenner deg trygg på behandlinga.

Vi avtaler med deg at vi kontaktar deg dagen etter opplæringa for å høyre korleis det går.

Ver merksam

I starten av behandlinga kan det nokre gonger komme litt blod på kateteret fordi urinrøyret blir irritert. Dette vil gå fort over, men er du i tvil, ta kontakt med sjukehuset eller fastlegen. Om du opplever vedvarande svie ved vasslating, irritasjon i urinrøyret eller feber utover dei  første dagane, bør du levere ei urinprøve hos fastlegen din.

Kateter blir skrive ut på blå resept. Du betaler eigendel når du ikkje har frikort.

Sist faglig oppdatert 23.01.2023

Kontakt

Haugesund sjukehus Urologisk avdeling

Kontakt Urologisk avdeling

Oppmøtestad

Du finn Urologisk poliklinikk i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Vi er samlokalisert med kirurgisk poliklinikk. Ta kontakt med ekspedisjonen vår når du kjem.

Meld at du er komen via SMS-en du har fått, eller på automaten ved hovudinngangen til sjukehuset. 

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.