Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Blæretrening
Blæretrening og andre tiltak for å betre toalettvanane kan hjelpe mange.
Som regel vil urinblæra innehalde mellom 3 og 5 desiliter urin før vasslatingstrongen blir plagsam. Kor mange toalettbesøk du har, avheng naturlegvis av kor mykje du drikk, men inntil 8 vasslatingar i døgnet er innanfor det normale. Det er ikkje unormalt å måtte opp om natta både ein og to gonger dersom du blir liggande vaken ei stund, eller dersom du har drukke mykje om kvelden.
Hugs: Kaffi, te og alkohol er vassdrivande.
Vanlegvis drikk vi 1–1,5 liter væske i døgnet. Dersom du vaknar fleire gonger om natta og har svært mange vasslatingar om dagen utan at du har drukke spesielt mykje, kan det vere teikn på at urinblæra er overaktiv og treng «trening».
I enkelte tilfelle er årsaka til symptoma at blæra har blitt vant til at du går på toalettet straks du kjenner trong. På denne måten vil blæra oppfatte signal til vasslating ved stadig mindre volum. Dette kan etter kvart bli plagsamt, med hyppige toalettbesøk med bare små mengder urin. I slike tilfelle kan det vere effektivt å trene opp blæra.
Også i dei tilfella der du har sterk vasslatingstrong med påfølgande urinlekkasje, kan det hjelpe med blæretrening. Det kan også vere aktuelt med andre behandlingsformer, for eksempel medikament eller elektrostimulering, men den eine metoden utelukkar ikkje dei andre.
Ved urinlekkasje i samanheng med anstrenging, hoste, nysing, løft og latte (stressinkontinens) vil ikkje blæretrening verke.
Før
Start med å føre ei liste over toalettbesøka dine ein eller to dagar før du begynner treninga. Fortsett med dette etter at du har starta treninga, slik at du kan sjå om du forbedrar deg.
Under
Treningsprogram
Dersom du har sterk trong, og det kjennest ut som du kjem til å tisse deg ut, må du konsentrere deg sterkt om å prøve å undertrykke denne trongen. Du kan gjerne sette deg ned, dersom det er nødvendig.
Når du kjenner normal trong og normalt ville gå på toalettet, skal du forsøke å halde igjen i omtrent 15 minutt. Dersom du er redd for uhell, kan du ta på eit bind eller bleie.
Når du meistrar å halde deg i 15 minutt, skal du auke til 30, og seinare til 45 minutt. Seinare aukar du med 15 eller 30 minutt for kvar gong.
Etter
Målet er at du greier å halde deg i 3–5 timar, og at du unngår og måtte stå opp om natta. Det er viktig at du ikkje drikk for mykje om kvelden, særleg kaffi, te og alkohol. Ved iherdig trening vil du merke framgang alt etter 1–2 veker. Du bør fortsette treninga så lenge du merkar betring.
Du finn Urologisk poliklinikk i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Vi er samlokalisert med kirurgisk poliklinikk. Ta kontakt med ekspedisjonen vår når du kjem.
Meld at du er komen via SMS-en du har fått, eller på automaten ved hovudinngangen til sjukehuset.
Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.
Parkeringshuset har tre ladeuttak.
Reserverte parkeringsplassar
Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.
Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.
Parkeringsavgift
Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på p-automatane.
Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.
Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.
På helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.
Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.
Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det.
Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.
Kantina i 6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.
Opningstider: Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.
Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.
Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.
Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.
Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La verdisaker vere igjen heime.
Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.
Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, krykker, rullator og rullestol.
God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.