Cellegiftbehandling i blæra

Blærekreft - Mitomycinbehandling

Mitomycin er ei type cellegift som blir brukt ved ulike kreftformer. Legemiddelet blir gitt direkte i blæra, og vil derfor ikkje ha dei biverknadane som elles er knytt til cellegiftbehandling, som for eksempel håravfall og kvalme.

Behandling med mitomycin i blæra etter TURB (blærekreftoperasjon ) har vist seg å redusere risikoen for at svulstane kjem tilbake. Denne behandlinga blir anbefalt til alle pasientar med overflatiske svulstar.

Mitomycin blir også brukt under oppfølging av pasientar som reagerer på BCG.

Før

Dei siste to timane før behandling skal du drikke så lite som mogleg. Nyrene vil då produsere mindre urin og dette hindrar at mitomycinen blir fortynna i blæra.

Eventuelle vassdrivande legemiddel bør takast etter behandlinga.

Under

Under inngrepet (TURB), blir det sett inn ein fleksibel slange (kateter) til blæra via urinrøret. Gjennom dette kateteret får vi sprøyta mitomycin inn i blæra. Kateteret blir stengt av i to timar slik at legemiddelet får verke.

Du kan bli bedt om å snu deg frå side til side kvart 15. minutt for å oppnå maksimal overflatekontakt.

Be sjukepleiar om råd dersom du får smerter/spreng under behandlinga.

Særskild informasjon til kvinner: Mitomycin skal ikkje brukast under graviditet, og prevensjon bør brukast i behandlingsperioden. Unngå amming ved behandling med Mitomycin.

Særskild informasjon til menn: Mitomycin kan verke skadeleg på sædceller. Kondom bør brukast i behandlingsperioden.

 

Etter

Etter at blæra er tømt for Mitomycin må du drikke mykje. Dette er for å få skylt ut gjenverande restar av legemiddelet. Tøm blæra ofte. Det kan førebygge biverknader i blæra.

Sit ned på toalettet ved urinering dei første åtte timane etter behandlinga for å unngå søl av Mitomycin. Skyll ned to gongar etter kvart toalettbesøk. Vask hendene og underlivet godt med såpevatn etter toalettbesøk for å unngå irritasjon i huda

Klede og sengetøy som har vore i kontakt med urin må vaskast med det same. Evt urinsøl må tørkast opp med papir før du vasker godt med såpe og vatn. Legg bleier, bind ol. i plastpose og knyt godt igjen. På sjukehuset skal du kaste dette i beholder for risikoavfall.

Ver merksam

Mitomycin verkar irriterande på hud og slimhinner. Du kan oppleve:

  • Behov for fleire toalettbesøk enn vanleg
  • Svie ved vasslating
  • Litt blod i urinen
  • Illeluktande urin (kan skuldast urinvegsinfeksjon)
  • Sårheit og kløe i underlivet

Desse plagene kan også skuldast sjølve inngrepet der svulsten blei fjerna. Ta kontakt med fastlegen dersom plagene ikkje går over av seg sjølv i løpet av nokre dagar.

Dersom du har teikn til infeksjon, som feber over 38°C, frysingar, hoste og sår hals, skal du kontakte lege umiddelbart.