Behandling, Transuretral reseksjon av blæretumor
Blærekreftoperasjon (TURB)
TURB står for "Transuretral reseksjon av blæretumor", som betyr å fjerne svulst i blæra ved tilgang gjennom urinrøyret. TURB blir utføra på alle pasientar med påvist eller sterk mistanke om blærekreft. Operasjonen blir utført i spinalbedøving eller narkose.
Før
Førebuande dag
Du må møte til ei undersøking (preoperativ poliklinikk) før operasjonen. Da blir det tatt blodprøver, urinprøver, røntgenbilete og andre nødvendige undersøkingar.
Operasjonsdagen
Operasjonsdagen møter du fastande på sengeposten eller ved dagkirurgisk eining.
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Du får beroligande og smertestillande medisinar før du blir køyrt i seng til operasjonsavdelinga.
Under
Moglege tilleggsførebuingar og behandling
Etter
Mitomycinbehandling
Mitomycinbehandling er ofte ein del av TURB-behandlinga.