Diagnose
Blærekreft
Blærekreft er ein eller fleire svulstar som veks ut frå urinblæras indre overflate. Blærekreft er den fjerde vanlegaste kreftforma blant norske menn. Tal på tilfelle av blærekreft er aukande blant kvinner. Dei som røyker er spesielt utsett. Blærekreft behandlast hovedsakleg med operasjon.
Tilvising og vurdering
Når fastlegen har mistanke om kreft skal du bli tilvist direkte til eit pakkeforløp for kreft. Eit pakkeforløp er eit standardisert pasientforløp som beskriv organisering av utgreiing og behandling, kommunikasjon/dialog med deg og dine pårørande, samt ansvarsplassering og konkrete forløpstid.
Utgreiing
I løpet av utgreiinga blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje.
Pakkeforløp heim
Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i Pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet skal du som pasient få avdekt dine individuelle behov for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.
Les meir på helsenorge.no:
Behandling
- Ved overflatisk kreft prøver vi å bevare blæra og kunn fjerne svulsten (TURB).
- Der kreftsvulsten har vekse inn i blæremuskulatur eller djupare (muskelinfiltrerande svulstar) vil vi som oftast måtte fjerne blæra (cystektomi).
Pasientar med muskelinfiltrerande blærekreft blir som oftast behandla med fjerning av blæra (cystektomi). Operasjonen kan gjerast med open teknikk eller som robotassistert operasjon. Enkelte pasientar vi få cellegift i forkant av operasjon. Dette vurderast i eit multidisiplinært team beståande av urolog, kreftlege og røntgenlege.
Anna behandling
Oppfølging
Behandling og oppfølging av pasientar behandla for blærekreft delast i to hovudgrupper:
- Ikkje muskelinfiltrerande
- Muskelinfiltrerande
Rehabilitering og meistring ved kreftsjukdom
Det finst ei rekke tilbod som kan vere ein hjelp til å kome tilbake til kvardagen under og etter kreftsjukdom. Derfor er det viktig å tenkte rehabilitering og meistring av sjukdommen heilt frå sjukdomsstart og starten av behandlinga. Måler er å kunne fungera og leve med eller etter kreftsjukdom, med god livskvalitet.