Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Blodgiving
Blod er eit levande materiale og sjølv med moderne og avansert teknologi kan ikkje blod framstillast kunstig – det må givast. Blodet blir brukt til mange typar pasientar og behandlingar, for eksempel ved kreftbehandling, operasjonar, ulykker, svangerskap og fødsel. Det finst inga erstatning for blod og mange pasientar er derfor heilt avhengige av at nokon gir blod.
Hovudregelen er at alle friske menneske over 18 år kan melde seg som blodgivarar. Du kan gi blod inntil fire gonger i året.
Du må berekne omtrent ein halvtime når du skal gi blod, inkludert førebuingar, tapping og kvile etterpå.
Du kan når som helst i prosessen stille spørsmål om du lurer på noko. Personalet har teieplikt.
Blodgiving skal ifølge blodforskrifta vere frivillig. Du får ikkje betalt for å gi blod.
Du treng ikkje tilvising for å gi blod. Du kan melde deg som blodgivar ved alle blodbankar og givarstader i Noreg ved å registrere deg på nettstaden GiBlod. Du kan også melde deg som blodgivar direkte hos blodbanken din.
Før
Blodoverføring må ikkje skade verken blodgivar eller mottakar. Derfor vurderer blodbanken kvar blodgivar nøye før dei eventuelt får gi blod. Kvar gong du skal gi blod må du først fylle ut eit spørjeskjema, du kan sjå korleis skjemaet ser ut på lenka under. Skjemaet hjelper til med utveljinga av blodgivar.
Etter at du har fylt ut skjemaet blir du intervjua av helsepersonell ved blodbanken. Første gong du er innom informerer vi deg om kva det vil seie å vere blodgivar. Ved registrering, eller før første blodgiving, skal du vise legitimasjon. Vi vil også ta blodprøver av deg, og eventuelt kontrollere blodtrykk og puls.
Ved kvar blodgiving tar vi smittetestar for virus som kan innebere ein risiko for smitteoverføring av langvarige infeksjonar med livstruande komplikasjonar til pasienten.
Du bør ete før du skal gi blod, i tillegg til å drikke litt meir enn vanleg både før og like etter tapping.
I nokre tilfelle kan det hende at ein blodgivar må ha kortare eller lengre opphald mellom blodgivingar. Det kan vere lurt å lese gjennom «Når kan eg ikkje gi blod?» og «Kven kan ikkje gi blod i Noreg?» (sjå under) før du skal gi blod, slik at du slepp å komme forgjeves. Kontakt blodbanken om du er usikker.
Personar som ikkje er friske.
Personar under 18 år.
Personar som veg under 50 kg.
Personar som bruker medikament fast. Unntak er p-piller, allergimedisin og middel mot lågt stoffskifte. Utover dette er det behov for individuell vurdering av fagpersonell.
Personar som har hjarte-, lever- eller lungesjukdom, eller har hatt blødingstendens, livstruande allergiske reaksjonar eller kreft. Unntak kan vere basalcellecarcinom og celleforandringar på livmorhalsen, kontakt blodbanken.
Menn som har eller har hatt seksuell kontakt med menn. Minimum 12 månaders karantene etter siste seksuelle kontakt.
Kvinner som har eller har hatt seksuell kontakt med menn som har hatt sex med menn, får minimum 6 månaders karantene etter siste seksuelle kontakt.
Personar som bruker eller har brukt dopingmiddel eller narkotiske middel som sprøyter. Personar som har eller har hatt seksuell kontakt med person som bruker eller har brukt dopingmiddel eller narkotiske midlar som sprøyter, får minimum 6 månaders karantene etter siste seksuelle kontakt.
Personar som sel eller har selt seksuelle tenester: Minimum 12 månaders karantene etter siste seksuelle kontakt.
Personar som har opphalde seg samanhengande i minst 6 månader i land der malaria har stor utbreiing. Ein del blodbankar tar malariatest. Dersom ein testar negativt for malaria etter opphaldet, kan ein framleis bli blodgivar.
Personar som har opphalde seg i Storbritannia i over 1 år til saman i perioden 1980–1996 eller har fått blodoverføring der etter 1980.
Personar som er fødde i Amerika sør for USA, har ei mor fødd i desse landa eller fått blodoverføring i desse landa, på grunn av mogleg førekomst av T. Cruzi. Nokre stader blir blodgivarar godkjente frå desse landa ved negativ test på T. Cruzi og etter å ha budd 6 månader i Noreg.
Personar som har opphalde seg meir enn 5 år til saman i Afrika sør for Sahara (gjeld ikkje Egypt, Libya, Tunis, Algerie eller Marokko). Det same gjeld dersom seksualpartnar har opphalde seg meir enn 5 år til saman i desse områda.
Om du har partnar frå eit land med høgare førekomst av Hepatitt C, får du karantene i 5 år etter at samlivet starta. Dersom samlivet eventuelt stansar, må du vente 6 månader med å gi blod.
For å bli blodgivar må du registrerast i dataregisteret til blodbanken. Dette er nødvendig av fleire årsaker:
vi må ha høve til å komme i kontakt med blodgivarane våre
vi må kunne dokumentere at gjeldande regelverk er følgt
vi må ha oversikt over kvar enkelt givars tappehistorikk
vi treng å lagre ein del opplysningar om blodtypar etc. for å kunne velje rett blod til kvar enkelt pasient
Opplysingar som blir lagra er i hovudsak:
namn
fødselsnummer
adresse
telefonnummer
e-postadresse
timeavtalar
registrering av kvar tapping
blodtypeundersøkingar
prøveresultat
informasjon om korleis det har gått ved kvar tapping
Som blodgivar har du krav på å få vite kva som er registrert om deg, og du kan krevje retting dersom feil informasjon er registrert.
Når kan eg ikkje gi blod?
Mange infeksjonssjukdommar og risikosituasjonar gir karantene.
Dersom årsaka til at du har fått akupunktur ikkje har noko å seie for blodgivinga, gjeld følgande regel: Akupunktur utført av autorisert helsepersonell i Noreg og med sterilt eingongsutstyr blir godkjent.
Akupunktørar og homøopatar er ikkje omfatta av den norske autorisasjonsordninga, og har du vore til behandling hos nokon av desse, må du vente i seks månader før du gir blod. Vi må få bekrefta at behandlarar frå enkelte andre yrkesgrupper er autorisert helsepersonell. Dette gjeld for eksempel naprapatar og osteopatar.
Du må derfor sjekke med behandlaren din om vedkommande er autorisert helsepersonell.
Flåttbit gir karantene i fire veker om det er ukomplisert. Har du fått utslett eller reaksjonar er karantenetida seks månader.
Minimum 6 månaders karantene etter at siste hol er sette med mindre det er brukt sterilt eingongsutstyr.
Gravide skal ikkje gi blod.
Etter fødsel skal kvinna vente minst 12 månader med å gi blod.
Etter abort skal kvinna vente 6 månader med å gi blod.
Bruker du antibiotika, kan du ikkje gi blod. Du må vente 14 dagar etter avslutta behandling.
Infeksjonar eller eksponering for infeksjon kan gjere at du for kortare eller lengre tid ikkje kan gi blod. I nokre tilfelle må du heilt slutte som blodgivar.
Om du har vore forkjølt, må du vente sju dagar etter at du er frisk og symptomfri før du kan gi blod.
Om du har feber må du vente 14 dagar etter at du er frisk og symptomfri før du kan gi blod.
Om du har munnsår, skal du ikkje gi blod. Du må vente 14 dagar etter at såret har grodd.
Dersom du har sår/gnagsår må du vente til du har heil hud/skorpe før du kan gi blod.
Dersom du har hatt omgangssjuke eller diaré, må du vente 14 dagar etter at du er symptomfri før du kan gi blod.
Personar som har eller har hatt malaria blir utelukka permanent. Personar som har opphalde seg i malariaendemisk område kortare enn seks månader får tolv månaders karantene. Eventuell malariatesting kan endre karantenetida. Malariatest kan tidlegast gjennomførast fire månader etter siste opphald i område der malaria er endemisk. Ta kontakt med blodbanken.
Medisinbruk kan utelukke deg frå å gi blod, permanent eller for ein periode, avhengig av årsak og type medisin.
Personar som har hatt sporadisk/eingongsbruk av narkotiske midlar som ikkje blir injiserte får eitt års karantene.
Dersom blodgivar eller seksualpartnaren til vedkommande har opphalde seg i land med høg førekomst av sjukdommar som kan smitte med blod gjeld litt ulike karantenereglar.
Spesielle epidemiologiske situasjonar kan stundom gi karantene av varierande grad, for eksempel ved førekomst av vestnilvirus eller zikavirus. Dette blir kunngjort av helsemyndigheitene. Ta kontakt med blodbanken.
Om du har opphalde deg i eit område med utbrot eller aukande førekomst av zikafeber kan du ikkje gi blod før det har gått minst 28 dagar etter at du har forlate området.
Dersom seksualpartnaren din har vore i eit zikaområde, må du vente minst fire månader om du har mannleg seksualpartnar og minst tre månader om du har kvinneleg seksualpartnar etter at partnaren din forlét området, før du kan gi blod igjen.
Har du tatt piercing eller tatovering må du vente i seks månader før du kan gi blod. Dersom det er sett hol i slimhinner som nase, tunge, leppe, kinn eller kjønnsorgan kan du som hovudregel ikkje gi blod før ein månad etter at nåla er tatt ut.
Ny partnar gir karantene i seks månader.
Vent i 24 timar før du gir blod. Ved rotfylling må du vente i éi veke etter gjennomført behandling.
I tillegg er det varierande karantenar der blodgivar har fått injeksjonar, endoskopi, har fått blod osv. Her har årsaka til behandlinga betydning om det blir opptil seks månader eller permanent utestenging. Ta kontakt med blodbanken.
I tillegg er det varierande karantenar i dei tilfella der blodgivar har fått injeksjonar, endoskopi, har fått blod osv. Her har årsaka til behandlinga betyding for om det blir opptil 6 månaders karantene, eller om du du ikkje kan vere blodgivar lenger. Ta kontakt med blodbanken.
Under
Etter samtalen med personalet tar du plass i ein stol på rommet for blodgiving. Vi desinfiserer stikkstaden nøye og sjekkar identiteten din for å forsikre seg om at blodposane er merkte med rette etikettar.
Du får eit stikk i armen og gir 450 ml blod, som svarer til 10–12 prosent av blodet du har i kroppen. Samtidig tar vi blodprøver for testing. Du får eit plaster på stikkstaden, og skal klemme godt på dette dei første minutta etter blodgivinga. Plasteret kan du fjerne etter nokre timar.
Etter
Etter tappinga vil blodvolumet bygge seg opp igjen i løpet av nokre timar. Du bør du kvile i 10 til 15 minutt og drikke rikeleg etter at du har gitt blod for å unngå uheldige reaksjonar på grunn av væsketapet.
Unngå å anstrenge deg hardt fysisk dei første 24 timane etter at du har gitt blod.
Vent minst 12 timar etter blodgivinga før du vender tilbake til farleg arbeid eller hobby. Dette gjeld for eksempel flygarar, buss- og togførarar, kranførarar, fjellklatrarar, folk som ferdast på stigar og stillas og dykkarar.
Ein del yrke og aktivitetar har strengare reglar enn 12 timar. For flygarar, som ikkje har arbeidsgivar med eigne reglar, blir det anbefalt å vente éi veke etter blodgiving. Du har sjølv ansvar for å sjekke om det er eigne reglar for jobben eller hobbyaktiviteten din når det gjeld blodgiving.
Kontakt blodbanken om du blir sjuk dei næraste dagane etter at du har gitt blod.
Ver merksam
Meld frå til blodbanken dersom du opplever ubehag eller biverknader under eller etter blodgiving.
Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no.
OBS: Ved søk i reiseplanleggaren må du skrive «Fylkessjukehuset» dersom du skal til/frå Stord sjukehus eller Stord DPS, då dette er Skyss sitt haldeplassnamn for dette busstoppet.
Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.
Parkeringshuset har tre ladeuttak.
Reserverte parkeringsplassar
Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.
Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.
Parkeringsavgift
Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på p-automatane.
Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.
Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.
På helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.
Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.
Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det.
Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.
Kantina i 6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.
Opningstider: Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.
Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.
Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.
Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.
Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La verdisaker vere igjen heime.
Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.
Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, krykker, rullator og rullestol.
God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.
Det er ikkje publikumsapotek på sjukehuset, men det er fleire apotek i og rundt Leirvik sentrum.
Måndag-sundag: 17.00-18.30
Det er eigne besøkstider og reglar for føde og barsel.
Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.
Meld deg i ekspedisjonen ved hovudinngangen i 1. etasje når du kjem. Du kan betale i luka eller med Vipps.
Logg inn på helse-norge.no for å endre eller avbestille time. Dersom det er mindre enn to arbeidsdagar til timen din, må du kontakte kontaktsenteret vårt på telefon 52 73 90 00.
Pasientar med behov for overnatting kan ta kontakt med kontaktsenteret vårt på telefon 53 65 10 00. Du må gi beskjed i god tid på førehand.
Vi kan tilby rom med enkel standard i vårt hybelhus, som ligg ca. 50 meter frå sjukehuset. Rommet har telefonforbindelse med kirurgisk overvakingspost. Det har også ei ekstra seng dersom du har med deg pårørande.
I hybelhuset er det tilgang til felles kjøkken og bad. Har du behov for kveldsmåltid, må dette bringast med.
Du hentar nøklar i ekspedisjonen, som ligg rett ved hovudinngangen i 1. etasje på sjukehuset. Ekspedisjonen er betjent frå kl. 07.30 til 18.00 måndag til fredag. Kjem du etter kl. 18.00, kan du ringe på døra. Personalet vil då kome for å hjelpe deg.
Laboratoriet i Haugesund: du finn oss i 4. etasje i sydvestre blokk på Haugesund sjukehus. Vi har opent kvardagar kl. 08.00-14.30. Torsdagar har vi stengt frå 11.00-11.45.
Laboratoriet på Stord: du finn oss i 1. etasje på Stord sjukehus. Våre opningstider er kvardagar kl. 08.00-14.30.
Laboratoriet i Odda: Du finn oss i underetasjen (U-etasje) på Odda sjukehus. Våre opningstider er kvardagar kl. 09.00-14.00.