Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Blodpropp – lungeemboli

Lungeemboli blir forårsaka av ein blodpropp som har oppstått i dei djupe venene (blodårane) i beina eller bekkenet, og som har losna og vandra med blodstraumen mot lungene. Etter at proppen har sett seg lungekara, blokkerer den straumen av blod frå hjartet. Lungeemboli er ein akutt medisinsk tilstand som krev omgåande behandling med blodfortynnande medikament.

Utgreiing

Symptom på lungeemboli inkluderer nyoppstått tungpust/andenød, smerter i brystet som ofte forverrar seg når ein trekker pusten djupt, hoste, avsviming og iblant hevelse eller smerter i eitt av beina.

Har du desse symptoma skal du kontakte fastlegen eller legevakta snarleg.

Du blir deretter vist til akuttmottaket for vidare utgreiing. Relevante undersøkingar inkluderer blodprøver og ein CT røntgen av lungene, av og til blir det tatt eit ultralyd av hjartet.

Behandling

Lungeemboli blir behandla med blodfortynnande medikament for å hindre ytterlegare progresjon av proppen, og for å legge til rette for gradvis oppløysing av proppen. I enkelte tilfelle der lungeembolien er stor og pasienten er påverka med lågt blodtrykk, kan behandlinga innleiast med trombolytisk behandling (medikament som aktivt løyser opp proppen).

Behandlinga med blodfortynnande medikament blir gitt frå 3 månader til ubestemt tid avhengig av årsaka.

Oppfølging

Du blir følgd opp poliklinisk på sjukehuset eller av fastlegen.

Du skal også greiast ut for mogleg underliggande årsak, blant anna arveleg disposisjon for blodpropp. Ved lungeemboli skal også behandlande lege gjere ei utvida klinisk undersøking for å vurdere moglegheita for underliggande kreftsjukdom.

Trass grundig utgreiing vil ein i ei rekke tilfelle ikkje avdekke ei utløysande årsak til at pasienten fekk blodpropp.

Ver merksam

Behandling med blodfortynnande medikament gir auka risiko for blødingar. Ved alvorlege blødingar inkludert blødingar som ikkje stansar må du ta kontakt med fastlege/legevakt. I sjeldne tilfelle kan det oppstå blødingar i hjernen. Dette kan gi symptom som redusert bevisstheit, kraftsvekking eller problem med balanse eller taleevne.

Sist faglig oppdatert 24.09.2025

Kontakt

Haugesund sjukehus Akuttmottak, Haugesund

Kontakt Akuttmottak, Haugesund

Oppmøtestad

Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.

Blir du transportert med ambulanse eller av portør, vil du automatisk bli registrert på akuttmottaket. 

Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet på akuttmottaket.  

Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Opningstider for ekspedisjon

  • I dag 08:00 - 22:00

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

​Kantina i  6.etasje er open for pasientar, besøkande og tilsette.

Opningstider kantine

Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt i helger og på heilagdagar.

Pasientkantine i 4 og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med avdelinga du høyrer til.

Du finn ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider kiosk

Måndag-fredag: 06.30-21.00 
Laurdag: 09.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontantar. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar i toppetasjen på parkeringshuset. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelinga dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.