Blodprøve hos barn

Ved blodprøve tappar vi litt blod frå barnet i små prøverøyr. Vi undersøkjer blodet for å få eit bilete av kva som skjer i kroppen. Ein blodprøve blir teken for å finne normale eller sjuklege forhold i kroppen.

Blodprøveglass på blå bakgrunn
Blodprøvar hjelper legen med å finne ut korleis kroppen har det.

Førebuing er viktig

Vi har flinke og erfarne prøvetakarar med gode prosedyrar for blodprøvetaking på barn. Saman med oss kan du vere med på å gjere opplevinga av blodprøve så god som mogleg for ditt barn. At barnet får ei god oppleving med blodprøvetaking, har også betydning for barnet ved framtidige møte med helsetenesta.

Viktig å hugse

  • Snakk med barnet om kva som skal skje på førehand.
  • Bruk gjerne lokal smertelindring i begge armkrokar der blodprøven blir tatt. Lokal smertelindring finst som bedøvingskrem eller -plaster (EMLA) og de kjøper dette sjølv på apoteket.
  • Prøvane blir som regel tatt i armkroken, og ikkje som fingerstikk.
  • Sett av god tid, gjerne ein time, til heile besøket på sjukehuset.
  • Dersom du sjølv er redd for å ta blodprøvar, kan det vere lurt at nokon andre følgjer barnet. Barnet vil merke om du er redd eller stressa, og kan dermed bli redd sjølv.

 

Blodprøvar hjelper legen med å finne ut korleis kroppen har det. Blodet blir undersøkt i eit laboratorium. Der kan vi studere antal blodceller og samansettingar av ulike biokjemiske stoff. Vi kan òg bruke blodprøven til å sjå om barnet har fått i seg legemiddel eller giftstoff.

Blodprøvar kan vise om du er frisk eller om du har behov for hjelp til å bli frisk.

Blodprøvar blir laga ved laboratoriet på sjukehuset. Der er det mange dyktige blodprøvetakarar som er ekspertar på å både ta og analysere blodprøvar.

Ventetida kan variere, så det er lurt å berekne god tid. Ventetida kan nyttast til å førebu barnet på prøvetakinga.

Når de kjem til prøvetakingsrommet, skal barnet få sitje på ein spesiell stol. Anten åleine eller på fanget til pårørande. Vi vil foreslå kva som passar best. De blir bedne om å oppgi fullt namn og fødselsnummer.

Blodprøvar kan vi lage anten frå fingeren eller armen, som regel i armkroken. Prøvetakar vel det som er best.

Prøvetakar festar ein strikk rundt armen for å kunne sjå blodårane. Strikken heiter stase og strammar litt rundt armen. Stasen blir losna i det blodet kjem i prøverøyret.

Før prøvetakinga vaskar vi området på armen med ein spritserviett. Deretter bruker vi ei lita nål som heiter butterfly for å lage eit lite stikk på armen. Blodet går inn i nåla, gjennom ein slange og inn i prøverøyret. Av og til er det eitt prøverøyr som skal fyllast, og andre gonger fleire. Barnet si oppgåve er å halde armen heilt i ro – du som pårørande kan hjelpe med å støtte barnet. Når blodprøven er ferdig blir nåla tatt ut og barnet får ein bomullsdott på armen. Så er det tid for premie!

Under kan du sjå ein video om korleis blodprøvetakinga skjer.

 

Før

Førebu barnet på blodprøvetaking

Barn som er godt førebudde, blir mindre engstelege og stressa. Ved å gi informasjon tilpassa alderen kan barn oppleve tryggleik og meistring når dei kjem til blodprøvetaking.

For barn frå rundt eitt til fem år kan det å lese ei barnebok eller sjå ein film med forteljing om blodprøve vere ein god måte å førebu barnet på.

For barn frå seks år og oppover, som kjenner til «å hoppe paradis», kan det vere ein leiken måte å forklare korleis blodprøvetaking går føre seg. De kan «hoppe» dykk gjennom dei ulike stega saman.

  1. Reise til sjukehuset og ta på bedøvingskrem/plastar.
  2. Innsjekk og kø-system.
  3. Vente på venterom (førebu seg og leike). Ta av bedøvingskrem/plaster.
  4. Gå til prøvetakingsrom – oppgi fullt namn og fødselsnummer til prøvetakar.
  5. Sitje i stol. Vaske arm. Strikk rundt armen.
  6. Nål blir ført inn – halde armen i ro – små røyr blir fylte.
  7. Fjerne nål og ta på plaster.
  8. Ferdig! Få premie.
  9. Reise heim og vente på resultatet.
Paradis man kan hoppe på som er tegnet samme med emojis.
Førebu gjerne barnet ved å gå gjennom stega ved blodprøvetaking saman.

Ved førebuingar til blodprøve kan de vere merksame på korleis de snakkar om blodprøvar.

  • Snakk heime om korleis ei blodprøve blir teken. Svar på barnet sine spørsmål, og ver ærleg.
  • Bruk gjerne oppmuntrande og nøytrale ord.
  • Si gjerne «å lage ein blodprøve» i staden for «å ta ein blodprøve».
  • Dersom du sjølv er usikker og redd, så kan kjenslene smitte over på barnet. Unngå til dømes å seie «Eg liker heller ikkje blodprøvar».
  • Fortel barnet at det er viktig å ta blodprøven, at barnet gjer ein viktig jobb for kroppen sin.

Les meir om førebuingar og korleis du snakkar med barn (helse-bergen.no)

Arm med emla-plaster
Lokal smertelindring får du kjøpt på apoteket anten som bedøvingskrem eller -plaster (EMLA).

 

Det kan vere lurt å snakke om kven som skal gjere kva under prøvetakinga. Til dømes om barnet skal sitje på fanget eller haldast i handa. De kan også bli samde om kva du som pårørande skal gjere, til dømes halde barnet i handa og gi ros. Jobben til prøvetakaren er å støtte armen og lage blodprøva. Barnet si oppgåve er å sitje heilt i ro under prøvetakinga.

Leik kan brukast til førebuing (og til å omarbeide), sidan leik hjelper barnet med å uttrykkje og handtere kjensler. Øv dykk gjerne til blodprøven ved å leike. For små barn kan det å lese ei forteljing om eit barn som tek ein blodprøve vere ein god måte å førebu seg på.

Det kan vere ein fordel å bruke smertelindring som bedøvingskrem eller -plaster. Det kan kjøpast på apoteket og skal plasserast i armkroken der blodprøven skal takast. Det er ønskjeleg at bedøvingskrem/-plaster blir nytta på begge armar.

Kremen/plasteret må sitje på i omtrent 1 time før det verkar, og må takast av seinast 15 minutt før blodprøva skal takast.

Nokon synest det kan vere litt ubehageleg å ta av plasteret, så eit alternativ er å bruke krem med eit plaster fritt for lim eller liknande. Kremen/plasteret bedøver huda og reduserer smerta knytt til prøvetakinga.

 

Bruk gjerne oppmuntrande og nøytrale ord – sjå denne tabellen for gode tips til kva ein kan seie.

Under

De møter ein bioingeniør eller helsesekretær som skal ta blodprøva. Av og til kan det vere to personar – ein som støttar armen og ein som tek blodprøva. Ha det fulle namnet og fødselsnummeret til barnet klart, dette må de gi til prøvetakar. 

Fortel gjerne prøvetakar om de har nokre tidlegare opplevingar med blodprøvetaking.

Små barn vil gjerne sitje på fanget, medan eldre barn gjerne vil sitje i stolen og heller halde pårørande i handa. Fysisk kontakt gir meir tryggleik. Prøvetakar vil føreslå kva som passar best. Nokre barn vil gjerne sjå på blodprøvetakinga, medan andre gjerne vil sjå vekk eller på noko anna.

Ha tillit til at ditt barn kan klare det saman med deg. Unngå å fokusere på at det skal skje noko farleg – anerkjenn heller kjenslene til barnet ved å til dømes seie «Eg ser at du er redd, men eg er med deg og vi skal klare det saman». Ver merksam på ditt eige kroppsspråk, då barnet vil sjå på deg og vurdere situasjonen.

Dersom barnet ditt kjenner seg utrygg i situasjonen kan det hjelpe å flytte merksemda over på noko anna – til dømes ved å syngje ein song eller sjå ein teiknefilm på mobilen. Å bruke avleiing er veldig effektivt. Dersom det ikkje lykkast med å få tatt blodprøve, kan det vere lurt å ta ein pause. Ein pause kan innebere at barnet og pårørande går seg ein runde og snakkar saman, eller at barnet og pårørande blir samde om å komme tilbake ein annan dag. Fokuser uansett på det positive, og kva de har klart å meistre.

Mor og sønn som sitter på et venterom på sykehuset
Ver merksam på eiget kroppsspråk. Om du sjølv er usikker og redd, kan kjenslene smitte over på barnet.

 

Etter

Ros barnet for å ha gjort ein god jobb for kroppen sin. Dersom barnet ditt har behov for det, kan de snakke om opplevinga. For små barn kan det å leike gjennom opplevinga etterpå vere ein god måte å omarbeide kva som har skjedd.

Å gi ei påskjønning for ein vel utført jobb er ofte ein god ting, til dømes å gjere noko gøy saman, eller noko anna kjekt. Det kan også hjelpe på som motivasjon for å gjennomføre sjølve blodprøva.

Ha alltid fokus på meistring – kva de har klart å gjere – uavhengig av om prøvetaking blei gjennomført eller ikkje.

Nokre barn kan lure på kva som skjer i kroppen når blodet er teke ut. Då kan det vere lurt å fortelje at kroppen er smart, at han lagar nytt blod igjen.

Resultatet får du som pårørande – via Helsenorge eller fastlegen.

Gutt som velger en leke på et bord.
Ei påskjønning for vel utført jobb kan hjelpe som motivasjon for å gjennomføre sjølve blodprøven.

 

Sist faglig oppdatert 20.05.2026

Kontakt

Haugesund sjukehus Barn og ungdom poliklinikk

Kontakt Barn og ungdom poliklinikk

Oppmøtestad

Du finn oss i 3. etasje på Haugesund sjukehus. Ta trappene eller heisen ved Narvesen kiosken i 1. etasje for å kome til oss. Då kjem du rett til avdelinga vår i 3. etasje. Meld deg i skranken vår når du kjem.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF 

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering