Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Brannskadar er ein hyppig grunn til skade og treng ofte behandling på sjukehus.
Kvart år er cirka 3000 personar i kontakt med norske sjukehus på grunn av brannskadar. Cirka 700 treng å bli lagt inn på sjukehus. I tillegg kjem eit stort tal mindre brannskadar som blir behandla ved lokale legekontor og legevakter.
Brannskadede innlagt i norske sykehus – en populasjonsbasert studie (legeforeningen.no)
Dei vanlegaste formene for brannskadar er flammeskadar, skåldingsskadar, kontaktskadar, elektriske skadar og kjemiske skadar.
Ved større akutte skadar blir ein gjerne lagt direkte inn på sjukehus. For mindre skadar blir ein ofte tilvist frå fastlege eller legevakt, dersom dei der finn det best at skaden blir behandla på sjukehus.
Det vil ikkje vere snakk om ventetid når ein kjem for å få behandling av akutte brannskadar, men ved mindre problemstillingar må ein gjerne vente til dagtid eller neste arbeidsdag for vidare oppfølging på sjukehus.
Når ein kjem til sjukehuset med ein brannskade, blir ein straks møtt av helsepersonell. Ved store skadar vil ein gjerne nytte eit standardisert traumemottak for å utelukke livstruande skadar.
Når det gjeld sjølve brannskaden er det viktig å få vurdert om den er så djup at han må opererast, eller om den har høve til å gro av seg sjølv. Vidare er det viktig å berekne omtrent kor mykje av hudoverflata til pasienten som er forbrent. Dette gjer at ein kan berekne behovet for væsketilførsel dei første timane. Behovet for væsketilførsel kan vere svært stort, og for å unngå at pasienten går i sjokk (livstruande fall i blodtrykk), er det viktig å komme i gang med væsketilførsel tidleg ved store skadar.
Det er derfor viktig at ein kan få undersøkt heile hudoverflata til pasienten, og ein ønsker derfor å vere i eit godt oppvarma rom, for å unngå at pasienten blir nedkjølt.
Ved store skadar blir ein gjerne overflytta til sjukehus med tilgang til plastikkirurgisk og brannskadefagleg spesialkompetanse. Dei mest omfattande skadane blir overflytta til brannskadeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus.
Utgreiing og vurdering av skadane blir vanlegvis utført i løpet av eit par timar, men dette kan variere veldig. I mange tilfelle vil ein gjere ei ny vurdering av skadane eitt til to døgn etter første undersøking.
Behandlinga av brannskadar består hovudsakleg av konservativ behandling, det vil seie gjentatte sårstell eller operativ behandling, som vil seie operasjon med fjerning av forbrent vev og dekking av sår med delhudtransplantat.
Ved store skadar er ein også avhengig av avansert intensivbehandling. Det vil seie støttebehandling for å halde oppe livsviktige organfunksjonar som for eksempel respiratorbehandling, dialyse, hjarteovervaking med meir.
I tillegg vil ein ha behov for fysioterapi under heile behandlingsforløpet.
For store brannskadar finst ein tommelfingerregel som seier at ein treng behandling ved ei brannskadeavdeling i eitt til eitt og eit halvt døgn per prosent av hudarealet som er brannskadd. Det vil seie at dersom ein har forbrenning på 30 prosent av kroppsoverflata, må ein rekne med å vere innlagd på ei brannskadeavdeling i minimum 30–45 dagar. Vidare vil ein gjerne ha behov for opphald på det lokale sjukehuset sitt og/eller ved rehabiliteringsavdelingar etter dette.
For mindre skadar er det stor variasjon i lengda på sjukehusopphaldet. Ved dei minste skadane treng ein gjerne ikkje å vere innlagd i det heile, skaden gror av seg sjølv på nokre veker, mens ved andre skadar kan ein ha behov for fleire veker på sjukehus med gjentatte operasjonar.
Dersom ein har gjenverande sår eller behov for oppfølging for å unngå skjemmande arr, blir ein følgt opp ved poliklinikken på sjukehuset. Varigheita på oppfølginga vil variere ut frå kva skade pasienten har hatt.
Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.
Blir du transportert med ambulanse eller av portør, vil du automatisk bli registrert på akuttmottaket.
Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet på akuttmottaket.
Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund