Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Bukspyttkjertelkreft

Bukspyttkjertelkreft er ein alvorleg sjukdom som rammar sjølve bukspyttkjertelen, eit organ som ligg bak magesekken. Bukspyttkjertelen har ei viktig rolle i fordøyinga og i å regulere blodsukkeret.

Bukspyttkjertelkreft har få og diffuse symptomer. Dette fører til at kreften ofte blir oppdaget sent.

Les meir på helsenorge.no

Viss sjukdommen blir oppdaga tidleg, kan han ofte behandlast med operasjon, føresett at du vil tole påkjenninga ved dette. Dersom kreften har rokke å spreie seg, kan han ikkje opererast bort, men det finst behandlingar som kan bremse sjukdommen, lindre plager og forlenge livet.    

Symptom

Bukspyttkjertelen er delt i tre delar: hovud, kropp og hale. Bukspyttkjertelkreft førekjem oftast i hovudregionen. Ingen veit kvifor nokre får kreft i bukspyttkjertelen og andre ikkje, men foreslåtte risikofaktorar er høg alder, røyking, gjentatte betennelsar i bukspyttkjertelen og høgt alkoholforbruk.

I dei tidlege stadia er det som regel få eller ingen symptom, noko som fører til at kreften ofte blir oppdaga seint. Du vil få symptom alt etter korleis svulsten veks, og kva den dermed påverkar. Det vanlegaste symptomet er gulsott, men det er fleire godarta sjukdommar som også kan gi dette, blant anna gallesteinsplager. Det er derfor viktig ikkje å oversjå symptom, og å oppsøke lege for utgreiing. 
 
Etter kvart som svulsten veks, kan du få smerter i rygg‐ og/eller mageregionen. Du kan også føle deg veldig sliten, miste appetitten og gå ned i vekt. I nokre tilfelle kan svulsten blokkere tarmen, og du kan bli kvalm og kaste opp. Symptom kan vere:
 
  • Gulsott (gul hud og auge), kløe, mørk urin og lys avføring
  • Magesmerter eller ryggsmerter
  • Kvalme og nedsatt matlyst
  • Ufrivilleg vekttap, trettheit og ein følelse av uvelskap
  • Vedvarande diaré
  • Nyoppstått diabetes eller endring i blodsukkerregulering

Tilvising og vurdering

Når fastlegen har begrunna mistanke om kreft skal du bli tilvist direkte til eit pakkeforløp for kreft. Eit pakkeforløp sikrer at du får rask og strukturert utgreiing, uten unødvendig ventetid.

Pasientinformasjon om pakkeforløp for kreft (helsedirektoratet.no)

Du vil få ein forløpskoordinator som hjelper deg med timeavtalar og informasjon underveis.

Fastlegen kan mistenke kreft i bukspyttkjertelen, men kan ikkje stille ei sikker diagnose før det er gjort ei CT-undersøking av buken din. For fullstendig utgreiing er det nødvendig med undersøking på sjukehus, og fastlegen vil derfor tilvise deg til sjukehus med pakkeforløp for kreft.

Utredning

Behandling

Oppfølging

Ver merksam

Oppsøk lege om du opplever gulsott, vedvarande magesmertar, vekttap og slappheit.

Kontakt

Haugesund sjukehus Gastrokirurgisk avdeling

Kontakt Gastrokirurgisk avdeling

Oppmøtestad

Gastrokirurgisk poliklinikk hald til i 1. etasje på Haugesund sjukehus.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.