Dei fleste bukveggsbrokk blir berre greidde ut med ei enkel klinisk undersøking hos spesialist, utan noka form for røntgenundersøking. Av og til må du ta ultralyd eller CT.
Bukveggsbrokk
Bukveggsbrokk oppstår på grunn av ein feil eller svakheit i bukveggen. Det blir danna ein brokksekk av bukhinna, som kan innehalde vev eller organ frå bukhola.
Symptom
Eit ukomplisert brokk gir som regel lite smerter. Det kan lett trykkast inn, og krev sjeldan behandling. Dersom brokket set seg fast (blir innklemt) gir det til dels kraftige smerter og brokket blir hardt. Du kan også oppleve symptom som kvalme og oppkast. I slike tilfelle kan det bli nødvendig å operere akutt, og du bør snarast ta kontakt med lege.
Tilvising og vurdering
Dersom du har plager frå brokket, kan du be fastlegen din om ei tilvising til gastrokirurgisk avdeling for utgreiing og vurdering for operasjon. Rettleiande frist for start av utgreiing er ifølge helsedirektoratet 26 veker. Det er også varierande ventetider for sjølve operasjonen.
Utgreiing
Behandling
Eit bukveggsbrokk vil aldri forsvinne av seg sjølv. Prinsippet bak kirurgisk behandling blir derfor å lukke sjølve defekten, og oftast med eit forsterkande nett. Dette gjer vi med open teknikk eller med kikhòlsteknikk. Kva metode som passar best for deg vil gastrokirurgen vurdere før operasjonen.
Operasjonsrisiko
Alle operasjonar inneber ein viss risiko. Ved operasjon for bukveggsbrokk kan du blant anna risikere at brokket kjem tilbake. Dersom du har plager, kan du ofte få tilbod om ein ny operasjon.
Det er også risiko for smerter. Dette blir du informert om før operasjonen.
Dersom du røyker, er risikoen for slike problem mykje høgare. Vi anbefaler sterkt at alle som ønsker operasjon sluttar å røyke.
Dagkirurgi
Mange kan bli opererte som dagkirurgisk pasient, det vil seie at du kjem og reiser heim same dag. Dersom du har fleire andre sjukdommar og/eller bur aleine, vil du få overnatte første natt på sjukehuset.Oppfølging
Det er ikkje nødvendig med oppfølging etter operasjonen. Du må ta kontakt med fastlege dersom du får vondt i sårskura, blir hoven eller raud, eller kjenner deg sjuk etter operasjonen.
Sting
Dersom du har sting som må fjernast, vil du få beskjed om det. Dei fleste må ikkje fjerne nokon sting.
Aktivitet
Såret i huda gror raskt, mens vevet under huda treng lengre tid på å gro.
- For å unngå at brokket kjem tilbake må du unngå tunge løft dei første seks vekene etter operasjonen.
- Du bør også unngå forstopping.
Du vil få sjukmelding og lengda på denne, avheng av kva du jobbar med.
Ver merksam
Ved alle kirurgiske inngrep kan komplikasjonar oppstå. Dei vanlegaste komplikasjonane ved brokkoperasjonar er sårbetennelse og blodsamling under huda. Dersom dette oppstår, ta kontakt med fastlegen din.
Kontakt
Stord sjukehus
Dagkirurgi Stord
Oppmøtestad
Gå til ventesone utanfor dagkirurgisk avdeling i 2. etasje på Stord sjukehus.
Du må først registrere at du er komen. Dette gjer du på automaten i resepsjonen i 1. etasje, eller på mobiltelefon via SMS-en du får frå oss.

Stord sjukehus
Tysevegen 64, 5416 Stord