Behandling
Bulimi hos voksne
Bulimi blir kjenneteikna av hyppige overetingsepisodar etterfølgd av åtferd som skal forhindre vektauke, som til dømes sjølvframkalla oppkast. Dette påverkar helsa di, kjenslene dine og di evne til å fungere på viktige område i livet. Ein har ofte ei kjensle av å vere ute av kontroll under overetingsepisodane, og sjølvkjensla er overdrive relatert til kroppsbiletet.
Behandling kan gå føre seg poliklinisk eller ved innlegging. For dei aller fleste pasientane med bulimi vil poliklinisk behandling vere tilstrekkeleg, men for somme vil innlegging i døgneining vere aktuelt i delar av sjukdomsforløpet.
Tilvising og vurdering
For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlege og legevakt er dei som i hovudsak viser til utgreiing og behandling. Vi vil då, på bakgrunn av prioriteringsrettleiaren «Psykisk helsevern for vaksne» avgjere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta. Om behandling på det lokale distriktspsykiatriske senteret ditt (DPS) ikkje er tilstrekkeleg kan du visast vidare til spesialisert behandling på eit Regionalt senter for eteforstyrringar.