Kosthaldsrettleiing ved cøliaki
Einaste medisin for personar med cøliaki er glutenfritt kosthald. Opplæring innanfor kosthald er avgjerande for å bli frisk.
Cirka 1–2 prosent av den norske befolkninga har cøliaki. Sjukdommen har blitt meir vanleg, og helsevesenet har blitt flinkare til å stille diagnosen. Cøliaki er ein autoimmun sjukdom som kjem av oversensibilitet for proteinet gluten. Glutenfri kost er den einaste behandlinga av cøliaki. Behandlinga er livslang når diagnosen er stilt.
Proteinet gluten finst i kveite, rug, bygg og spelt. Ved cøliaki vil inntak av gluten gjere at immunsystemet i slimhinna til tynntarmen blir aktivert, og tarmtottane blir nedbrotne. Følgene er at evna tarmen har til å ta opp næringsstoff frå kosten, blir svekt, og heile kroppen blir påverka av betennelsen.
Utgreiing av cøliaki skal starte i primærhelsetenesta. Fastlegen startar alltid med å ta ei blodprøve som blir send til eit immunologisk laboratorium. Det finst også hurtigtestar som blir selde på apotek. Bruk av desse er omdiskutert.
Når vi finn ei positiv blodprøve, eller det er annan grunn til at vi mistenker cøliaki, blir du tilvist til spesialist (gastroenterolog). Du må ta gastroskopi med vevsprøver (biopsi) av tynntarmsslimhinna. Det er viktig at du har ete glutenhaldig kost i 6–8 veker før gastroskopien, tilsvarande cirka 2–3 skiver brød per dag. Dette er for å kunne påvise dei typiske forandringane på tarmtottane.
For barn gjeld eigne retningslinjer for utgreiing baserte berre på blodprøver. Barn skal vurderast av barnelege ved positiv blodprøve. Når diagnosen er stilt, tilviser vi deg for opplæring i glutenfri kost.
Det varierer mellom sjukehusa om opplæring skjer ved individuell kostrettleiing hos klinisk ernæringsfysiolog, ved kurs om glutenfri kost for nyoppdaga cøliaki, eller om du må lære deg omlegging til glutenfri kost sjølv.
Ubehandla cøliaki betyr at du lever med ei skadd tynntarmsslimhinne, som er ein risikosituasjon. Det er svært viktig at du følger glutenfri kost 100 prosent og livet ut, om du har fått diagnosen cøliaki.
Ifølge Norsk Cøliakiforening (www.ncf.no) er det grunn til å tru at fleire tusen personar er udiagnostiserte med cøliaki i Noreg.
Du finn oss i 3. etasje på Haugesund sjukehus, ventesone 3B.
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund