CT-undersøking i narkose
Dersom barnet skal ha narkose må det faste (ikkje ete, drikke, ta medisinar eller suge på pastillar). Kor lenge på førehand barnet må faste er avhengig av alder.
Vaken under CT-undersøkinga
Det er viktig å førebu barnet på han/ho må liggje stille på ein benk som bevegar seg inn og ut av CT-trommelen.
Barnet kan ete og drikke som vanleg før undersøkinga.
Faste medisinar kan takast som vanleg.
CT med intravenøs kontrastvæske
I nokre tilfelle må vi setje kontrast i blodårane, men dette er avhengig av kva ein skal sjå etter på bileta.
Dersom undersøkinga skal gjerast i mage/bekken-regionen får barnet eventuelt saft eller flytande kontrast (stoff som synest på røntgenbileta).
Dersom barnet skal ha kontrast i blodet, får ho/han eit plastrøyr (kanyle) lagt inn i ei blodåre. De vil på førehand bli spurde om barnet har hatt reaksjonar på kontrastmiddel tidlegare, og enkelte andre risikofaktorar.