Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

CT av barn

CT er ei undersøking som tar detaljerte tverrsnittbilde av område i kroppen ved hjelp av røntgenstrålar. Bilda kan blant anna framstille organ, blodårar, blautvev og skjelett.

Kvifor gjer vi undersøkinga?

Det finst ulike måtar å ta bilde av kroppen for å finne ut kva som feilarbarnet. Ofte tar vi røntgenbilde og ultralyd, og av og til CT.

CT-undersøkingar har ulike namn avhengig av kva del av kroppen som skal undersøkast.

Før

Det er viktig at barn og unge som skal til undersøkinga, er godt førebudde. Vi anbefaler derfor at foreldre eller føresette les informasjonen nøye og forklarer barnet kva som skal skje.

Det tar ikkje lang tid å ta CT-bilde, men det er viktig å ligge heilt stille under undersøkinga. Barn kan eventuelt få roande medisin, og i nokre tilfelle er det nødvendig med narkose. Dette blir vurdert frå barn til barn.

Foreldre eller føresette kan vere med under heile undersøkinga. Gravide kan ikkje vere inne på CT-rommet.

CT utan narkose

Det er viktig å førebu barnet på at det må ligge stille på ein benk som bevegar seg inn og ut av CT-maskina.

  • Barnet kan ete og drikke som vanleg før undersøkinga dersom de ikkje har fått nokon annan beskjed.

CT i narkose

Barn som skal ha narkose, må faste før undersøkinga. Kor lenge barnet må faste, avheng av alder. De får informasjon om dette i innkallinga.

Faste inneber at barnet ikkje skal ete, drikke, tygge tyggegummi eller bruke pastillar i den aktuelle tidsperioden.

CT med intravenøs kontrastvæske

I nokre tilfelle må vi sette kontrastvæske i blodårane. Dette er avhengig av kva vi skal sjå etter på bilda.

Kontrastvæska gjer det mogleg å sjå ulike organ og blodårar tydelegare på CT-bilda. Barnet får kontrastvæska gjennom eit tynt plastrøyr (venekanyle) som blir lagt inn i ei blodåre. Dersom vi skal ta CT-bilde av mage- eller bekkenregionen, kan det vere at barnet drikk ei type kontrastvæske i staden.

Foreldre eller føresette vil bli spurt på førehand om barnet har hatt reaksjonar på kontrastmiddel tidlegare og om enkelte andre risikofaktorar.

Under

Korleis undersøkinga blir utført, varierer ut frå kva vi skal undersøkje. Som regel tar undersøkinga 10-30 minutt. Sjølve bildetakinga tar frå under eit minutt til nokre få minutt.

Under undersøkinga ligg barnet på ein benk som beveger seg gjennom den korte opninga i CT-maskinen. Benken beveger seg når bilda blir tatt.

Det er avgjerande for bildekvaliteten at barnet ligg stille under heile undersøkinga. Ved nokre undersøkingar blir barnet bede om å halde pusten i nokre sekund mens bilda blir tatte. Dette er for unngå unødvendige rørsler i lunge- og mageregionen.

Undersøkinga gjer ikkje vondt.

Personalet går ut av undersøkingsrommet når bilda blir tatt. Dei kan sjå barnet gjennom eit vindu og kan høyre det gjennom ein mikrofon. Foreldra kan vere saman med barnet dersom det er vakent.

CT med intravenøs kontrastvæske

Når kontrasten passerer gjennom organa i kroppen, blir det tatt ein serie bilde av dei ulike organa. Når kontrastvæska blir gitt er det vanleg å få ei varmekjensle i kroppen, men denne kjenslen forsvinn etter kort tid. 

CT med narkose

Ved narkose varer undersøkinga rundt 1 ½  time.

Etter

Dersom barnet er vakent under undersøkinga er det vanlegvis ingen spesielle forholdsreglar etterpå.

Dersom barnet får narkose må det vere til observasjon til det er vakent og har fått i seg mat og drikke, og har tissa. De kan vanlegvis reise heim same dag. Nokon kan bli kvalme etter narkosen. Dette går som regel fort over og barnet kan få medisinar for dette.

Ved CT-undersøking med intravenøs kontrastvæske, ber vi om at de ventar i avdelinga i 30 minutt etter undersøkinga. Vi tar ut venekanylen i ventetida.

Resultat av undersøkinga

Bilda blir vurderte av ein røntgenlege som lagar ein skriftleg rapport om kva bilda viser. Rapporten blir send til legen som tilviste barnet, og blir lagra saman med bilda i datasystemet til sjukehuset.

Dersom barnet er til undersøking utan innlegging, vil tilvisande lege få beskjed om resultata eller de får ny timeavtale for informasjon om resultata. I nokre tilfele kan resultata bli gitt per telefon.

Ver merksam

Vanlegvis er det liten risiko knytt til denne undersøkinga. CT-undersøkinga er tilpassa slik at stråledosen er så låg som mogleg.

CT med kontrast

I sjeldne tilfelle kan barnet få kløande utslett på kroppen opptil ei veke etter å ha fått intravenøst kontrastmiddel. Kontakt fastlege eller legevakt ved behov for behandling. Alvorlege allergiliknande reaksjonar på kontrastmiddel er svært sjeldne.

Sist faglig oppdatert 06.05.2026

Kontakt

Haugesund sjukehus Barn og ungdom poliklinikk

Kontakt Barn og ungdom poliklinikk

Oppmøtestad

Du finn oss i 3. etasje på Haugesund sjukehus. Ta trappene eller heisen ved Narvesen kiosken i 1. etasje for å kome til oss. Då kjem du rett til avdelinga vår i 3. etasje. Meld deg i skranken vår når du kjem.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF 

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund