Barnet ligg på ein benk mens undersøkinga skjer og undersøkinga tar cirka 20–30 minutt. Føresette kan ligge på benken saman med barnet. Det er mogleg å sjå film, bruke Ipad eller for eksempel lese for barnet.
Blæra til barnet må vere tom før undersøkinga så dersom barnet bruker kateter, er det fint om de tar med utstyret barnet vanlegvis bruker. Dersom barnet tissar på toalett, er det mogleg at barnet blir bede om å tisse på ein spesiell do (flowmetri) som kan måle blant anna farten til urinstrålen og mengda urin.
Rett før cystometriundersøkinga blir barnet først vaska nedantil. Så legg vi på bedøvelsesgel, før vi fører eit tynt røyr (kateter) forsiktig gjennom urinrøyret inn til urinblæra. Dette bruker vi til å fylle urinblæra med kroppstemperert saltvatn. Eit anna kateter blir lagt inn i endetarmen. Dette blir brukt for å kontrollere trykket i bukhola.
Under undersøkinga observerer vi om barnet opplever vasslatingstrong, eller om det er lekkasje. Katetera er kopla til ein PC som registrerer trykket i blære/tarm.
Av og til spør vi om barnet kan hoste slik at vi ser at strekane på skjermen bevegar seg som dei skal. Så renn saltvatn som er varma opp til kroppstemperatur gjennom ein tynn slange frå ein pose inn gjennom kateteret og inn i blæra. For barn som kjenner blærefylling, får dei beskjed om å seie frå når dei kjenner at dei må tisse. Dette kan barnet kjenne fleire gonger gjennom undersøkinga. Barnet kjem til å ligge på ei bleie og vi følger med på om det kjem urinlekkasje.
Når barnet kjenner at hen ikkje kan halde seg meir og er tissetrengt, så stoppar vi undersøkinga. Barnet kan da prøve å tisse på flowapparatet igjen, for å register korleis barnet tissar.
Dersom barnet ikkje får til å tisse sjølv etter undersøkinga, bruker vi eit tynt kateter som vi set via urinrøyret inn i blæra for å tømme blæra.
Vi stoppar fylling av saltvatn dersom barnet kjenner ubehag eller ved normal blærekapasitet i forhold til alder.
I nokre tilfelle må det nyttast suprapubiskateter. Dette er eit kateter som blir lagt inn til blæra gjennom huda. Dette gjer vi i narkose i samarbeid med barnekirurgisk seksjon 1–2 dagar før cystometriundersøkelsen. Kateteret blir fjerna etter undersøkinga hos oss.
Hos nokre barn er det viktig å undersøke muskelaktiviteten nær urinrøyret. Da blir det festa nokre klistrelappar i nærleiken av urinrøyropninga for å registrere muskelaktivitet rundt urinrøyropninga.
Gjer det vondt?
Det kan kjennast ubehageleg å sette inn kateter sjølv om vi nyttar bedøvande gel. I tillegg kan det vere flautt med ei undersøking som omfattar underlivet. Ved behov kan barnet få roande medisin.