Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Lewylegemedemens omfattar to demenssjukdommar; demens med lewylekamar (DLL) og Parkinsons sjukdom med demens (PSD). Dei to sjukdommane har like symptom, men skilst frå kvarandre ut frå kva symptom som kjem først.
Vanlege symptom er fluktuerande forløp, synshallusinasjonar, parkinsonisme (t.d. stivleik, skjelvingar) og søvnforstyrringar i form av at ein utagerer draumane fysisk. Ved DLL kjem dei kognitive symptoma først eller samtidig. Ved PSD kjem dei motoriske symptoma først, mens dei kognitive symptoma kjem minst eitt år etter dei motoriske.
Vi kjenner ikkje til noka klar årsak til at demens med lewylekamar oppstår. Som for dei andre demensformene er aukande alder ein risikofaktor.
Demens med lewylekamar er den andre eller tredje hyppigaste forma for demens, og om lag 10–15 prosent av alle som har demens, har denne typen.
Ved mistanke om demens bør fastlege tilby basal demensutredning i tråd med nasjonal faglig retningslinje om demens. Det er en fordel om legens utredning foregår i samarbeid med personell fra kommunens helse- og omsorgstjeneste, gjerne hukommelsesteam / demensteam.
Vanligvis skjer utredning, behandling og oppfølging av demens via primærhelsetjenesten. I noen tilfeller henviser fastlegen til spesialisthelsetjenesten, f.eks. ved tidlig debut, atypiske symptomer, uavklart diagnose, komplisert sykdomsbilde m.m.
Demensutgreiing startar vanlegvis hos fastlegen, gjerne med pårørande til stades føresett at pasienten samtykker til det. I nokre tilfelle blir pasienten tilvist til spesialisthelsetenesta for vidare utgreiing.
Demensutgreiing inneber alltid
Det finst ingen medisin som kan kurere demens med lewylekamar (DLL). Personar med mild/moderat grad av DLL kan få symptomatisk behandling mot demens med ein kolinesterasehemmar (rivastigmin).
Antipsykotiske medisinar kan gi svært alvorlege biverknader for personar som har demens med lewylekamar, og bør som hovudregel unngåast.
Etter å ha fått diagnosen DLB, handlar oppfølginga om å legge til rette for best mogleg meistring av situasjonen for pasient og pårørande gjennom:
På nettsida Å leve med demens - Nasjonalt senter for aldring og helse finn du informasjon om tiltak og tilbod som kan vere til hjelp for å leve med og meistrar dagar med demens.
På nettsida Hjelp til pårørande - Nasjonalt senter for aldring og helse vil dei som er pårørande til ein person med demens finne informasjon som kan vere til støtte i kvardagen.