Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Ved MR-undersøking ligg du i eit magnetfelt, mens MR-maskina lager bilete ved hjelp av radiobølger. MR-undersøking inneber inga form for røntgenstråling.
MR gir spesielt god framstilling av forandringar i:
MR kan også brukast til å vise sjukdomsforandringar blant anna i:
I kvart enkelt tilfelle vurderer vi om det er behov for å sette MR-kontrast intravenøst.
MR-undersøking av hovudet gjer vi ved mistanke om sjukdom eller skade, eller ved kontroll av kjende tilstandar i hovudet. Undersøkinga kan vere aktuell ved utgreiing av ei rekke tilstandar.
For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen er den som oftast tilviser. I nokre tilfelle kan anna helsepersonell tilvise deg, til dømes til biletundersøkingar (MR, CT eller røntgen). Når vi har fått tilvisinga, vil du få svar på om du har rett til behandling i spesialisthelsetenesta.
På grunn av magnetfeltet må tilvisande lege informere i tilvisinga om du:
Dersom du bruker medisinar, kan du ta dei på vanleg måte.
I nokre tilfelle må vi sette kontrastvæske i blodet, dette er avhengig av kva ein skal sjå etter på bilda. Da får du eit tynt plastrøyr (venekanyle) lagt inn i blodåra di. Kontrasten blir sett i venekanylen. Dersom det er aktuelt å gi deg kontrastvæske under undersøkinga, vil legen din ved behov bestille nyrefunksjonsprøve (blodprøve) som du må ta før du kjem til MR-timen. Er dette tilfelle for deg vil det stå i innkallingsbrevet ditt. MR-kontrast gir sjeldan biverknader i form av allergiliknande reaksjonar.
Sjølv med litt klaustrofobi klarer dei aller fleste å gjennomføre undersøkinga. Du bør ta kontakt med avdelinga før undersøkinga dersom du trur dette kan bli eit problem for deg. Vi har ulike måtar vi kan hjelpe deg på. Dersom du har vondt for å ligge og/eller treng hjelp til å slappe av, må du be fastlegen om smertestillande/avslappande medikament i forkant av undersøkinga.
Overgang av kontrastmiddel til morsmjølk er minimal, og du kan ta MR sjølv om du ammar.
Under undersøkinga ligger du på ein benk som blir ført inn i ei røyrforma maskin som er open i begge endar. Du ligger med hovudet eller beina først, avhengig av kva for område på kroppen du skal ha undersøkt. Det vi skal undersøke, må ligge midt i magnetfeltet. Det er viktig at du ligg heilt stille for at kvaliteten på bileta skal bli bra. Ved MR-undersøkinga blir hovudet plassert i ei form, med mogelegheit til å sjå ut. Denne er nødvendig for å kunne lage MR bileta.
Mens fotograferinga skjer, høyrer du ein rekkje bankelyder i maskinen. Du får øyreproppar og/eller øyreklokker som dempar bankelyden.
Undersøkinga tek omlag 15 til 90 minutt, avhengig av kva legen din har etterspurt. Du får nærmare informasjon om dette frå personalet når du kjem på avdelinga.
Når bileta blir tekne, går personalet ut av rommet. Dei ser deg gjennom eit vindauge. Du får ein alarm i handa, for å kunne kontakte personalet. Dei kan snakke med deg via ein mikrofon, og eventuelt komme inn i rommet der du ligg.
Kjenner du behov for å ha med pårørande, kan dei sitje inne med deg under sjølve undersøkinga. MR-sjekklista gjeld også for pårørande som skal vere i rommet.
Når kontrasten passerer gjennom organa i kroppen, blir det tatt bilde i serie av dei aktuelle organa. Når kontrastvæska blir gitt, vil du sannsynlegvis ikkje merke nokon ting.
Undersøkinga gjer ikkje vondt i seg sjølv, men det kan vere vanskeleg å ligge stille. Det er derfor viktig å finne ei stilling som er komfortabel. Du får puter og anna støtte slik at du klarer å ligge stille. Dersom smertelindring/roande er nødvendig må fastlege/tilvisande lege ha føreskrive dette på førehand.
Du kan oppleve å bli varm under undersøkinga. Dette er ikkje vondt eller farleg. Denne følelsen gir seg når undersøkinga er over.
Dersom du er innlagd på sjukehuset kjem du tilbake til avdelinga. Om du har fått kontrastvæske, må du vente til det har gått 30 minutt. Elles kan du reise rett heim når du er ferdig. Har du brukt roande medikament bør du ikkje køyre bil sjølv.
Bilda blir granska av ein radiolog (røntgenlege) som lagar ein skriftleg rapport av kva bilda viser. Kunstig intelligens kan brukast som hjelpemiddel både under bildedanning og ved gransking.
Rapporten blir send til den som tilviste deg. Bilda og rapporten blir lagra i journalsystemet vårt.
Når og korleis du får resultatet av røntgenundersøkinga avheng av behandlingsstad.