Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Depresjon er ei utbreidd psykisk liding prega av senka stemningsleige, mangel på interesse og glede, trøyttleik og nedsett energi. Det finst behandling som hjelper, og dei fleste blir heilt friske.
For å få eit behandlingstilbod i spesialisthelsetenesta treng du ei tilvising. Det er som oftast fastlegen som viser til utgreiing og behandling, men andre helsepersonell kan også visa. Med utgangspunkt i tilvisinga og prioriteringsrettleiaren "Psykisk helsevern for vaksne", vil me vurdera om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta.
For deg som har depresjon finst det fleire moglege behandlingar. Kva som er best for deg kan du og helsepersonell kome fram til saman. Dette kallast samval. Å vere med og bestemme er ein rettigheit du har.
Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.
Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar: