Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Elektrokonvulsiv terapi (ECT) er ei trygg og godt etablert behandling ved alvorlege depresjonar. Ved ECT utløyser vi eit kontrollert epileptisk anfall ved hjelp av elektrisitet påført mot hovudet. Behandlinga skjer i narkose.
Elektrokonvulsiv behandling blir brukt fordi den verkar raskt og er svært effektiv når behandling med legemiddel ikkje har vort tilstrekkeleg eller der behandling med medikament ikkje er anbefalt (for eksempel på grunn av besværlege biverknader).
Effekten blir også vurdert ved andre psykiske lidingar som mani og nokre former for schizofreni. Ved alvorleg depresjon som kan vere prega av næringsvegring, sjølvmordsfare og vrangførestilling, bør behandling med ECT vere eit førsteval. Dette gjeld også depresjonar ved høg alder.
Elektrokonvulsiv terapi består ofte av 6-12 behandlingar. Behandlinga er frivillig og du må gi skriftleg samtykke til at behandlinga skal gjennomførast.
Det er lege eller psykologspesialist som vurderer om ECT kan vere ein god behandling for deg. Tilvisinga blir prioritert av lege som vurderer om du får tilbod om behandling eller ikkje.
Før behandlinga går du gjennom ei generell medisinsk undersøking. Om du har andre sjukdommar som for eksempel hjarte-/lungesjukdom, kan det vere aktuelt å ta ekstra prøver og røntgenundersøkingar. Undersøkingane gjer vi poliklinisk, eller mens du er innlagd i sjukehuset.
Du får informasjon om behandlinga og om Nasjonalt kvalitetsregister for elektrokonvulsiv terapi.
ECT blir utført i narkose. Du må derfor faste i 6 timar før ECT.
Sjølve behandlinga varer i nokre minutt imens du er i narkose, og skjer ved at vi utløyser eit kontrollert epileptisk anfall ved hjelp av elektrisitet påført mot hovudet. Du blir fulgt av helsepersonell før, under og etter behandlinga.
Dei fleste ønsker å kvile eit par timar etter at dei har fått ECT-behandling. Du får utfyllande informasjon om dette underveis.
Etter endt behandling planlegg vi vedlikehaldsbehandling og førebyggande tiltak for å hindre at du får tilbakefall. Vedlikehaldsbehandlinga kan bestå av samtaleterapi, medikamentell behandling, oppfølging i kommune og hos fastlege, og/eller ny behandling med ECT.
ECT kan gi vanskar med minnet i tida under og etter behandlinga. Det er individuelle forskjellar i grada av biverknadar av ECT. I nokre tilfelle kan ein få meir langvarige problem med minnet. Det kan vere at ein gløymer enkelte personlege minne. Dette gjeld særleg minne frå vekene og månadane før og under ECT-behandlinga.
Avdeling for psykisk helsevern, Haugesund sjukehus, held til i 1. etasje.
Biologiske behandlingsformer (BBF) held til i 2. etasje på Haugesund sjukehus. Ta heisen opp og følg skilting til ECT/TMS poliklinikk. Opningstider (telefontider) er måndag-fredag kl. 08.00-15.30.
Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF
Pårørande og besøk
Pasientar og pårørande - Helse Fonna HF
Dersom det er særskilde behov for besøk utanom ordinær besøkstid, vil vi – så langt det er mogleg – leggje til rette for besøk eller følgje til pasientar.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund