Du må ha med følgande til første kontroll:
- oppdatert medisinliste
- tilpassa solar og/eller sko dersom du har dette
Pasientar med diabetes, både type 1 og 2, kan oppleve tap av kjensle og redusert blodsirkulasjon i føtene. Redusert kjensle i huda på føtene gjer at du ikkje kjenner når nye sår oppstår og ikkje får nødvendig behandling av desse. Overfladiske sår kan i nokre tilfelle føre til ein djup infeksjon, som i verste fall kan bli så alvorleg at amputasjon blir nødvendig.
Når du har fått eit sår på foten, og er diabetikar, er det viktig med undersøkingar for å fastslå kor alvorleg såret er.
Som diabetikar bør du få føtene dine undersøkt jamleg, minst éin gong i året. Undersøkinga bør gjerast av fastlege, sjukepleiar eller terapeut med kunnskap om diabetes og sår.
Desse kan teste at du ikkje har nedsett kjensle og blodsirkulasjon, og dessutan sjekke eventuelle feilstillingar, trykkutsette område, hard hud, sår eller andre hudproblem.
Dersom det er behov for behandling og oppfølging i spesialisthelsetenesta, kan fastlegen tilvise deg.
Fastlegen tilviser deg til spesialisthelsetenesta for behandling av såra.
1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
Sjå fleire kliniske studiarDu bør bruke fuktkrem ved tørr hud under føtene og gå jamleg til fotterapeut for å klippe negler og fjerne død hud.
Unngå å bruke ueigna verktøy til eigenbehandling, som liktornplaster, vortemiddel, elektriske filer og liknande.
Får du nye sår på føtene må du ta kontakt med fastlegen din.
Om såra blir verre må du ta kontakt med fastlege eller poliklinikken, dersom du blir følgd opp der.
Du finn oss i 5. etasje på Haugesund sjukehus (vestblokka). Ta heisen ved Narvesen-kiosken for å kome til oss.
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund