Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Ved posedialyse (peritonealdialyse) blir dialysevæske ført inn i bukhola gjennom eit kateter på magen. Dialysevæska i buken må skiftast ut med jamne mellomrom fordi han etter nokre timar blir metta med avfallsstoff og dermed mistar effekt. Med litt planlegging kan posedialyse fint kombinerast med jobb og reiser.
Dialyse er ei livslang behandling, dersom du ikkje kan få ny nyre. Dialysen reinsar blodet ditt slik at du ikkje døyr av nyresvikten, men kan leve med sjukdommen. Ved posedialyse er det bukhinna som fungerer som reinsefilter når avfallsstoffa frå blodbanen blir transporterte over i dialysevæska.
Du kan skifte frå posedialyse til bloddialyse (hemodialyse på sjukehus) om du ønsker det, eller om medisinske forhold gjer det nødvendig.
Det finst to ulike metodar for posedialyse: Med manuelle poseskift (KAPSD) eller ved hjelp av dialysemaskin (APD). Utstyret du treng til posedialyse blir levert heim til deg.
KAPSD (continuous ambulatory peritoneal dialysis) betyr i praksis at utskiftinga av dialysevæske blir utført manuelt med posar som du koplar til kateteret. Med KAPSD har du dialysevæske i buken heile døgnet, men du skiftar han ut 3–4 gonger dagleg.
Ved kvart skift set du inn mellom 1 og 2,5 liter dialysevæske. Det tar totalt cirka 30 minutt å utføre eit poseskift, det vil seie å byte ut dialysevæska i buken med ny dialysevæske. Du må rekne med 4 poseskift per dag.
Med APD koplar du deg til ei dialysemaskin som utfører inn- og uttappinga av dialysevæske om natta mens du søv. Du kan kople deg frå maskina, for eksempel når du må på toalettet. Med APD varer behandlinga vanlegvis i 8–10 timar. Hos dei fleste blir behandlinga avslutta om morgonen med at maskina set inn væske som blir verande i buken til du koplar deg til maskina igjen om kvelden.
Dei fleste pasientar med kronisk nyresjukdom blir tilviste til nyremedisinsk poliklinikk i god tid før det er aktuelt med nyreerstattande behandling (posedialyse, hemodialyse eller nyretransplantasjon). Val av behandlingsform gjer du etter grundig diskusjon med nyrelegen og eventuelt nyresjukepleiar.
Før du kan starte med posedialyse vil du få operert eit kateter inn i bukhola di. Kateteret er ein tynn plastslange som blir operert inn ved eit kirurgisk inngrep, helst to til tre veker før oppstart av dialysen. Operasjonen skjer som oftast i narkose, i nokre tilfelle i lokalbedøving. Dette vil du få nærare beskjed om på førehand. Du må rekne med to til tre dagar på sjukehus i samband med inngrepet.
På sjukehuset du får grundig opplæring i å utføre posedialysen sjølv. Opplæringa blir tilpassa behovet til den enkelte og tar vanlegvis éi til to veker. Om du treng hjelp, vil heimetenesta kunne utføre posedialysen. Dei får i så fall opplæring frå sjukehuset.
Når du utfører posedialyse, fører du dialysevæske inn i bukhola gjennom kateteret du har fått operert inn. For at du ikkje skal begynne å fryse eller kjenne ubehag ved inntapping, blir dialyseposane varma til kroppstemperatur på ei varmeplate som du låner frå sjukehuset.
Dialysevæska i buken må skiftast ut med jamne mellomrom fordi han etter nokre timar blir metta med avfallsstoff og dermed mistar effekt. Dialysevæska som har stått i buken din, tappar du ut gjennom kateteret. Etterpå set du inn ny kroppstemperert dialysevæske.
Når du tappar ut dialysevæska, kan du mot slutten av uttappinga oppleve eit ubehag eller sug i magen, fordi kateteret syg seg mot bukveggen. Det er ikkje farleg, og ubehaget forsvinn når du set væske inn i buken igjen.
Det er normalt å kjenne seg litt stinn over magen når du har sett inn ny dialysevæske, spesielt dei første gongene du utfører poseskift. Dei fleste venner seg etter kort tid til å ha væske i buken.
Det er ikkje lett å kjenne på kroppen om du får god nok dialyse. Du blir derfor følgt opp på sjukehuset med jamleg kontroll av blod, urin og dialysevæske, der vi blant anna sjekkar om innhaldet av avfallsstoff i blodet blir redusert tilstrekkeleg.
Dersom du over tid får for dårleg dialyse, vil du kunne kjenne det ved at du opplever eitt eller fleire av desse symptoma:
Biverknader av å ha dialysevæske i buken kan vere at du kjenner deg oppblåst og stinn, eller at du får forstopping. Etter lang tid med posedialyse kan dialysevæska svekke bukhinna slik at ho blir tjukkare og fungerer dårlegare.
Dei vanlegaste komplikasjonane som oppstår i samband med posedialyse er:
Dialyse Haugesund
Vi held til i 5. etasje på Haugesund sjukehus. Enklaste vegen er å ta heisen ved resepsjonen.
Dialyse Stord
Du finn oss i 2. etasje på Stord sjukehus. Ta heisen og følg skilting.
Dialyse Odda
Vi held til i 3. etasje på Odda sjukehus.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund