Digital oppfølging, psykisk helsevern
No kan du enkelt registrere informasjon om din helsetilstand i eit digitalt spørjeskjema. Det kan gi deg ei meir fleksibel oppfølging, kor du slepp å kome på kontroll dersom det ikkje trengs. Du vel sjøl om du ønsker denne oppfølgingsforma.
Digital eigenregistrering må avtalast med avdelinga/behandlaren på førehand. Om du har gjort ei slik avtale, kan du logge deg inn her. Dersom du ikkje har ei avtale, men ønsker å vete meir, ta kontakt med avdelinga.
Før
- Før oppstart vil du motta ein SMS med innloggingslenke til denne sida, kor du kan logge inn med lenka over.
- Innlogging skjer via ID-porten eller med SMS-kode (husk å ha telefonen i nærleiken).
- Du kan bruke smarttelefon, nettbrett eller PC.
Sjå gjerne denne korte filmsnutten før du går i gong:
Under
Når du har logga inn, kjem du direkte til spørsmåla du skal svare på. Svara dine vert lagra undervegs. Dersom du må avbryte, kan du halde fram med besvaringa seinare. Når du er ferdig, trykker du «levér».
Du vil motta eit nytt varsel på SMS når det er tid for ny eigenregistrering.
Etter
Etter at du har registrert opplysingane i nettportalen, vil behandlaren din vurdere svara du har gitt.
- Dersom du har symptom eller plager som krev tilsyn eller behandling, vil du bli innkalla til time.
- Viss ikkje, vil du få innkalling til ny eigenregistrering etter ei tid.
Ta kontakt med di avdeling dersom du ikkje lenger ønsker å nytte digital eigenregistrering.
Ver merksam
Dette er ikkje ei løysing for augneblikkeleg hjelp. Kontakt legevakt eller ring 113 om det hastar.
Kontakt
Haugaland DPS
Haugaland DPS