Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Diureserenografi, barn – nukleærmedisinsk undersøking av nyrene

Ved diureserenografi bruker vi eit radioaktivt merkt stoff som blir teke opp og skilst ut av nyrene. Etter at stoffet er sprøyta inn i blodet, blir det opp i og skilst teke ut igjen av nyrene. Vi kan følge denne prosessen ved hjelp av eit gammakamera eller ein SPECT-CT maskin. På denne måten kan vi sjå korleis nyrene dine fungerer.

Før

Det er svært viktig å lese innkallingsbrevet grundig, her finn de informasjon som er viktig for undersøkinga. Ofte blir innkallinga send frå barnepoliklinikken for å førebu barnet til undersøkinga før oppmøte på nukleærmedisin. 

  • Om de ikkje kan møte til timen, ber vi de gi beskjed om dette så fort som mogleg etter at de har fått innkallingsbrevet.
  • Gravid forelder bør ikkje følge barn til undersøkingar på nukleærmedisin. 

Viktige førebuingar 

  • Ta kontakt med oss om barnet nettopp har vore til urografi eller CT med kontrast.
  • Om barnet har behov for kateter for å tømme blæra, må de ta med nok utstyr til dette på undersøkingsdagen. Ta med bleier om barnet bruker dette
  • Barnet skal drikke rikeleg med væske før de møter til undersøkinga. Barnet vil også bli bede om å drikke ei gitt mengde væske når de møter til undersøkinga
  • Ta med informasjon om høgda til barnet og vekt
  • Ta gjerne med ei leike/bok/bamse som barnet er glad i   

Under

Barnet får ein kanyle i armen der vi set dei ulike radioaktive stoffa undervegs i undersøkinga. På små barn blir kanylen som regel sett på barnepoliklinikken. 

Under undersøkinga skal barnet ligge på ein undersøkingsbenk. 

Det er viktig at barnet ligg roleg under heile undersøkinga. I mange tilfelle kan det vere nødvendig å hjelpe barnet til å ligge stille. Personalet vil gjere sitt ytste for at undersøkinga skal bli god nok, samtidig som opplevinga til barnet skal bli så god som mogleg 

Korleis blir bilda tatte? 

Vi gir eit vassdrivande stoff undervegs i undersøkinga. Ved behov tar vi eit ekstra bilde etter at barnet har tissa/tømt blæra. Dette siste bildet tar berre nokre minutt. 

Bildeopptaket tar cirka 60 minutt. Foreldre kan vere til stades i rommet heile tida under bildeopptaket. 

Etter

De kan reise heim når undersøkinga er ferdig. Det er viktig å gi barnet rikeleg med drikke også i etterkant av undersøkinga. Hugs å skifte bleier ofte, da det radioaktive stoffet skilst ut i urin. 

Bilda skal etterbehandlast og granskast av legar ved nukleærmedisin. Svaret på undersøkinga kjem til legen som har tilvist barnet. 

Sist faglig oppdatert 03.11.2025

Kontakt

Haugesund sjukehus Radiologisk avdeling

Kontakt Radiologisk avdeling

Oppmøtestad

Radiologi Haugesund

Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus 

Radiologi Stord

Du finn oss i 1. etasje på Stord sjukehus

Radiologi Odda

Du finn oss i 2. etasje på Odda sjukehus

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64

5416 Stord

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10

5750 Odda

Praktisk informasjon

1-2 timar før timen din får du SMS med informasjon om registrering, ventesone og betaling på sjukehuset.

Når du kjem kan du registrere deg via lenka du ha fått i tekstmeldinga, eller på automaten i resepsjonen ved hovudinngangen.

Etter timen kan du velje å betale via automat, Vipps, efaktura eller i resepsjonen.

Innkallinga til timen finn du alltid på helsenorge.no