Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Diureserenografi, voksen – nukleærmedisinsk undersøking av nyrene

Ved diureserenografi bruker vi eit radioaktivt merkt stoff som blir teke opp og skilst ut av nyrene. Etter at stoffet er sprøyta inn i blodet, blir det opp i og skilst teke ut igjen av nyrene. Vi kan følge denne prosessen ved hjelp av eit gammakamera eller ein SPECT-CT maskin. På denne måten kan vi sjå korleis nyrene dine fungerer.

Før

Det er svært viktig å lese innkallingsbrevet grundig, her får du informasjon som er viktig for undersøkinga. 

  • Om du ikkje kan møte til timen, gi beskjed om dette så fort som mogleg.
  • Ta kontakt med oss dersom du er gravid, trur du kan vere gravid eller om du ammar, eller nettopp har vore til urografi eller CT med kontrast. I dei aller fleste tilfella skal då denne undersøkinga ikkje blir gjennomført.
  • Om du skal undersøkje biskjoldkjertelen kan du ikkje ta undersøkinga om du dei siste 8 vekene har vore til CT-undersøking der du har fått intravenøs jodholdig kontrastvæske.  

Viktige førebuingar 

  • Om du bruker kateter for å tømme blæra, må du ta med deg ekstra, til dømes nattpose, på undersøkingsdagen.
  • Du skal drikke før du møter til undersøkinga, minst ein halv liter væske. I tillegg skal du drikke fem til seks desiliter væske når du møter til undersøkinga. Du treng ikkje å halde deg og kan tømme blæra ved behov.
  • Ikkje ta med gravide eller små barn til undersøkinga
  • Ikkje ha på deg smykkar eller andre metallgjenstandar når du kjem til undersøking
  • Ta med informasjon om høgda og vekta di 

Det kan vere ulike medisinar du må slutte med før undersøkinga. Ver vennleg og les innkallingsbrevet nøye. 

 

Under

Du får ein kanyle i armen der vi set dei ulike radioaktive stoffa undervegs i undersøkinga. 

Under undersøkinga ligg du på ein undersøkingsbenk som blir rett plassert i forhold til kameraet. Det er viktig at du ligg heilt stille for at kvaliteten på bilda skal bli bra. 

Vi tar ofte bilde i fleire omgangar, nokre gonger med ventetid i mellom. Når vi tar bilde kan det ta mellom 10 og 60 minutt kvar gong. 

Du får eit vassdrivande stoff undervegs i undersøkinga. Når vi har tatt dei bilda vi treng, sender vi deg på toalettet for å tisse. 

Av og til tar vi også eit nytt bilde etter at du har tømt blæra. 

Heile undersøkinga tar cirka 60 minutt. 

Du får meir utfyllande informasjon undervegs på undersøkingsdagen. 

 

Etter

Du kan reise heim når undersøkinga er ferdig. 

Bilda skal etterbehandlast og granskast av legar ved nukleærmedisin. Vi sender svaret på undersøkinga til legen som har tilvist deg. 

Sist faglig oppdatert 03.11.2025

Kontakt

Haugesund sjukehus Radiologisk avdeling

Kontakt Radiologisk avdeling

Oppmøtestad

Radiologi Haugesund

Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus 

Radiologi Stord

Du finn oss i 1. etasje på Stord sjukehus

Radiologi Odda

Du finn oss i 2. etasje på Odda sjukehus

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64

5416 Stord

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10

5750 Odda

Praktisk informasjon

1-2 timar før timen din får du SMS med informasjon om registrering, ventesone og betaling på sjukehuset.

Når du kjem kan du registrere deg via lenka du ha fått i tekstmeldinga, eller på automaten i resepsjonen ved hovudinngangen.

Etter timen kan du velje å betale via automat, Vipps, efaktura eller i resepsjonen.

Innkallinga til timen finn du alltid på helsenorge.no