Diureserenografi, voksen – nukleærmedisinsk undersøking av nyrene

Ved diureserenografi bruker vi eit radioaktivt merka stoff som blir teke opp og skilst ut av nyrene. Etter at stoffet er sprøyta inn i blodet, blir det teke opp i og skilst ut igjen av nyrene. Vi kan følgje denne prosessen ved hjelp av eit gammakamera eller ein SPECT-/CT-maskin. På denne måten kan vi sjå korleis nyrene dine fungerer.

Før

Ta kontakt med oss dersom du er gravid, trur du kan vere gravid, om du ammar eller nettopp har vore til urografi.

Det er svært viktig å lese innkallingsbrevet grundig, då det inneheld informasjon som er viktig for undersøkinga. Om du ikkje kan møte til timen, må du gi beskjed om dette så fort som mogleg.

Viktige førebuingar

  • Det kan vere ulike medisinar du må slutte med før undersøkinga. Ver vennleg og les innkallingsbrevet nøye
  • Ta med informasjon om høgda og vekta di
  • Om du bruker kateter for å tømme blæra, må du ta med deg nok utstyr til dette på undersøkingsdagen
  • Du skal drikke rikeleg med vatn før du møter til undersøkinga. Du vil også bli beden om å drikke noko vatn når du møter til undersøkinga.

Under

Du vil først få ein kanyle i armen. Vi legg deg på undersøkingsbenken og plasserer deg riktig i gammakameraet eller SPECT-/CT-maskinen. Du får sporstoffet sett i kanylen i armen når vi startar biletopptaket.

Sjølve biletopptaket tek omtrent 30 minutt, og det er viktig at du kan liggje stille denne tida. Du vil få eit vassdrivande stoff undervegs i undersøkinga. Når vi har fått dei bileta vi treng, sender vi deg på toalettet for å tisse/tømme blæra. Vi vil også ta eit nytt bilete etter at du har tømt blæra. Dette siste biletet tek berre få minutt.

Etter

Du kan reise heim når undersøkinga er ferdig.

Bileta skal etterbehandlast og granskast av legar ved nukleærmedisin før vi sender svaret på undersøkinga til legen som har tilvist deg.

Kontakt