Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

DMSA nyrescintigrafi, barn – nukleærmedisinsk undersøking av nyrene

Ved DMSA nyrescintigrafi bruker vi eit radioaktivt merkt stoff som blir tatt opp i nyrene. Ved hjelp av eit gammakamera eller ein SPECT-CT maskin kan vi ta bilde av korleis det radioaktivt merkte stoffet fordeler seg i nyrene dine. På denne måten kan vi berekne funksjonsfordeling mellom høgre og venstre nyre.

Før

  • Det er svært viktig å lese innkallingsbrevet grundig, her finn de informasjon som er viktig for undersøkinga. Ofte blir innkallinga send frå barnepoliklinikken for å førebu barnet til undersøkinga før oppmøte på nukleærmedisin. 
  • Om de ikkje kan møte til timen, ber vi de gi beskjed om dette så fort som mogleg etter at de har fått innkallingsbrevet. 
  • Gravid forelder bør ikkje følge barn til undersøkingar på nukleærmedisin. 

Viktige førebuingar 

  • Barnet kan ete, drikke og ta eventuelle medisinar som vanleg 
  • Ta med informasjon om høgda til barnet og vekt 
  • Ta gjerne med ei leike/bok/bamse som barnet er glad i   
  • Ta med kateterutstyr og bleier dersom barnet bruker dette 

Under

Barnet får ein kanyle i armen der vi set dei ulike radioaktive stoffa undervegs i undersøkinga. På små barn blir kanylen som regel sett på barnepoliklinikken. 

Under undersøkinga skal barnet ligge på ein undersøkingsbenk.

Det er viktig at barnet ligg roleg under heile undersøkinga. I mange tilfelle kan det vere nødvendig å hjelpe barnet til å ligge stille. Personalet vil gjere sitt ytste for at undersøkinga skal bli god nok, samtidig som opplevinga til barnet skal bli så god som mogleg. 

Korleis blir bilda tatte? 

Etter injeksjonen må barnet vente 2-4 timar før bilda blir tatte. De treng ikkje å vente ved avdelinga, de vil få beskjed om når de skal komme tilbake for å ta bilda. 

Barnet må tisse eller tømme kateterposen rett før vi skal ta bilda. Eventuell bleie må skiftast rett før bilda skal takast.  

Bildeopptaket tar 10–60 minutt. Foreldre kan vere til stades i rommet heile tida under bildeopptaket. 

Etter

De kan reise heim når undersøkinga er ferdig. Det er viktig å gi barnet rikeleg med drikke også i etterkant av undersøkinga. Hugs å skifte bleier ofte, da det radioaktive stoffet skilst ut i urin. 

Bilda skal etterbehandlast og granskast av legar ved nukleærmedisin. Svaret på undersøkinga kjem til legen som har tilvist barnet. 

Sist faglig oppdatert 03.11.2025

Kontakt

Haugesund sjukehus Barn og ungdom poliklinikk

Kontakt Barn og ungdom poliklinikk

Oppmøtestad

Du finn oss i 3. etasje på Haugesund sjukehus. Ta trappene eller heisen ved Narvesen kiosken i 1. etasje for å kome til oss. Då kjem du rett til avdelinga vår i 3. etasje. Meld deg i skranken vår når du kjem.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF 

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund