Det er svært viktig å lese innkallingsbrevet grundig. I brevet er det oppgitt informasjon som er viktig for undersøkinga.
Om du ikkje kan møte til timen, ber vi deg gi beskjed om dette så fort som mogleg etter at du har fått innkallingsbrevet.
Om du er gravid, kan vere gravid eller om du ammar, skal du ta kontakt med nukleærmedisinsk avdeling så raskt som mogleg etter at du har fått innkalling til undersøking. I dei aller fleste tilfella skal da denne undersøkinga ikkje gjennomførast.
Viktige førebuingar
- Ikkje ta med gravide eller små barn som følge til undersøkinga.
- Det er nokre medikament som du ikkje bør ta kvelden før eller på sjølve undersøkingsdagen. Dette gjeld blant anna medisinar mot Parkinson, som er såkalla dopaminagonistar. Sjå innkallingsbrevet for nærare informasjon om kva medikament du må slutte med på førehand.
- Du kan ete og drikke som vanleg.
- Du må kunne ligge stille på ryggen på ein undersøkingsbenk i cirka 30 minutt mens bilda blir tatte.