Epidepride – dopaminreseptor

Dopaminreseptor SPECT – nukleærmedisinsk undersøking av hjernen

Undersøkinga blir gjord for å skilje mellom Parkinsons sjukdom (PD) og annan sjukdom som er årsak til skjelving og rørsleforstyrringar. Vi nyttar eit sporstoff merkt med ei lita mengde radioaktivitet for å kunne seie noko om forandringar i dopaminaktiviteten i hjernen. Vi bruker eit gammakamera eller ein SPECT/CT for å ta bilde.

Før

Det er svært viktig å lese innkallingsbrevet grundig. I brevet er det oppgitt informasjon som er viktig for undersøkinga.

Om du ikkje kan møte til timen, ber vi deg gi beskjed om dette så fort som mogleg etter at du har fått innkallingsbrevet.

Om du er gravid, kan vere gravid eller om du ammar, skal du ta kontakt med nukleærmedisinsk avdeling så raskt som mogleg etter at du har fått innkalling til undersøking. I dei aller fleste tilfella skal da denne undersøkinga ikkje gjennomførast.

Viktige førebuingar

  • Ikkje ta med gravide eller små barn som følge til undersøkinga.

  • Det er nokre medikament som du ikkje bør ta kvelden før eller på sjølve undersøkingsdagen. Dette gjeld blant anna medisinar mot Parkinson, som er såkalla dopaminagonistar. Sjå innkallingsbrevet for nærare informasjon om kva medikament du må slutte med på førehand.

  • Du kan ete og drikke som vanleg.

  • Du må kunne ligge stille på ryggen på ein undersøkingsbenk i cirka 30 minutt mens bilda blir tatte.

Under

Det blir sett inn ein kanyle i ei blodåre i armen din. Dette er nødvendig for å kunne gi deg sporstoff som skal takast opp i kroppen din. Det første stoffet blokkerer opptak i skjoldbruskkjertelen og blir enten gitt i kanylen eller som ein tablett. Det andre er eit sporstoff merkt med ei lita mengde radioaktivitet som blir tatt opp i dopaminreseptorane i hjernen. Vi tar bilde omtrent 3 timar etter at du har fått sporstoffet.

Når vi tar bilda, legg vi deg på benken med hovudet i ei hovudstøtte. Gammakameraet kjem nært hovudet ditt for å få så gode bilde som mogleg. Bildetakinga tar omtrent 30 minutt.

Etter

Du kan reise heim når undersøkinga er ferdig.

Det tar nokre timar før den vesle mengda radioaktivitet er ute av kroppen din.

Bilda skal etterbehandlast og granskast av legar ved nukleærmedisin. Svar på undersøkinga kjem til legen som har tilvist deg.

Sist faglig oppdatert 04.03.2025

Kontakt

Haugesund sjukehus Radiologisk avdeling

Kontakt Radiologisk avdeling

Oppmøtestad

Radiologi Haugesund

Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus 

Radiologi Stord

Du finn oss i 1. etasje på Stord sjukehus

Radiologi Odda

Du finn oss i 2. etasje på Odda sjukehus

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64

5416 Stord

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10

5750 Odda

Praktisk informasjon

1-2 timar før timen din får du SMS med informasjon om registrering, ventesone og betaling på sjukehuset.

Når du kjem kan du registrere deg via lenka du ha fått i tekstmeldinga, eller på automaten i resepsjonen ved hovudinngangen.

Etter timen kan du velje å betale via automat, Vipps, efaktura eller i resepsjonen.

Innkallinga til timen finn du alltid på helsenorge.no