Behandling, Ventilasjonsrøyr
Dren i øyret
Dei fleste barn opplever ein eller fleire episodar med akutt mellomøyrebetennelse. Det går oftast over av seg sjølv, eller må behandlast med antibiotika. I nokre tilfelle blir øyrebetennelsen og væskedanninga i mellomøyret kronisk. Barnet kan då oppleve nedsett høyrsel, noko som kan påverke språkutviklinga. I slike tilfelle kan det bli aktuelt å legge inn eit dren i trommehinna.Introduksjon
Eit dren er ein liten plastsylinder som blir plassert gjennom trommehinna slik at luft kan strøyme fritt inn i mellomøyret. Det er to typar dren; kort tids (vanlegast) og langtidsdren/T-dren. Den første typen er minst, står på plass i ca eitt år og fell oftast ut av seg sjølv. T-drenet er større og sit betre fast i trommehinna. Av den grunn fell det sjeldan ut. Du vil få informasjon om kva type dren som skal brukast.
Operasjonen skjer i narkose og barnet kan som regel reise heim same dag. Hos eldre barn og vaksne kan denne operasjonen gjerast utan narkose.
Tilvising og vurdering
Tilvising frå fastlege: Dersom barnet er henvist frå fastlege, får barnet time tildelt ved poliklinikken hos oss ved øyre-nase-hals. Der vil barnet bli undersøkt og ein lege som er spesialist i øyre-nese-hals-sjukdommar vurdere om barnet bør opererast. De vil samtidig få informasjon om operasjonen.
Tilvising frå ØNH-spesialist: Dersom barnet er henvist og vurdert av ein spesialist i øyre-nase-hals-sjukdommar, får barnet som regel tildelt time til operasjon direkte.
Før
Sjukdom, allergiar eller reaksjon på bedøving
I forkant av operasjonen må det avklarast om barnet har andre sjukdommar eller allergiar og om barnet bruker medisiner. Dette kan ha relevans for operasjonen eller narkosen og det kan vere aktuelt å bli vurdert av anestesilege før operasjonsdagen.
Alle må på førehand fylle ut "Egenmeldingsskjema om helsetilstand" . Dette er for å fange opp sjukdommar eller symptomer som må vurderast før operasjonen og for å vurdere om barnet skal leggast inn før eller etter operasjonen.
Har de tidlegare hatt spesielle erfaringar frå bedøving eller narkose, vil vi gjerne at de fortel oss om det. Har det vore problem med anestesi ved andre sjukehus, bør de om mogleg skaffe kopi av anestesijournal og ta den med til oss.
Sjukepleiarsamtale
Nokre dagar før operasjonsdagen ringer sjukepleier ved ØNH-poliklinikk for å høyre om barnet er friskt og klar til operasjon. Barnet må ikkje vere forkjøla eller ha andre nyleg oppståtte tilstandar dei siste par vekene før operasjonen. Sjukepleiar vil gi informasjon om operasjonen og kva som skal skje på sjukehuset operasjonsdagen. Viss det er behov for innlegging eller overnatting på hotell, blir dette ordna med.
Faste før operasjonsdagen
Barnet må ikkje spise fast føde eller drikke melkeprodukt (dette inkluderer yoghurt) etter kl. 24.00 kvelden før operasjonen. Barnet kan drikke litt klare væsker inntil 2 timar før oppmøtetid på operasjonsdagen. Klare væsker er saft, tynn juice utan fruktbitar og vatn. Etter dette må barnet ikkje ete eller drikke noko som helst, heller ikkje drops eller tyggegummi.
Hygiene
Det er viktig at barnet er nydusja eller bada og har på seg reine klede når de kjem til sjukehuset.
På operasjonsdagen
Barnet møter på ØNH-poliklinikk, 1.etg. Her vil vi ta imot dykk og barnet vil få utdelt sjukehusklede og seng. Vi har låsbare skap til personlege ting. Det kan bli ein del venting.
Dersom barnet bruker medisinar eller inhalasjonar, må de ta desse med til sjukehuset. Anestesilegen avgjer kva for medisinar barnet skal ta denne dagen. Dersom barnet har lause tenner, må de gi oss beskjed om dette før narkosen blir gitt.
Ta gjerne med eit kosedyr eller noko anna barnet kjenner seg trygg med.
Barnet får bedøvelseskrem på hendene og innsida av albuen. Det er fordi barnet skal få ei venekanyle som er eit lite plastrøyr inn i ei blodåre. I denne blir medisinar til narkose gitt. Legen som skal operere vil undersøkje barnet før operasjonen.
Barnet vil få smertestillande medisinar før, under og etter operasjonen.
Éin pårørande kan følgje barnet inn på operasjonsstova til barnet sovnar. Deretter må de vente utanfor. Du blir seinare henta inn på oppvåkninga når barnet er ferdig med operasjonen.
Sjå film
Vi har laga ein film som viser kva som skjer før, under og etter ventilasjonsrøyr blir operert inn. Du kan gjerne sjå filmen saman med barnet før de kjem til oss.
Under
Under operasjonen er anestesisjukepleiar og anestesilege er rett ved sidan av barnet. Dei passar på at barnet sover godt og får rett mengde bedøving. Blodtrykk, puls og mengda surstoff i blodet blir målt heile tida.
Øre-nese-hals-legen lagar eit lite hol i trommehinna og væske i mellomøyret kan sugast ut. Ventilasjonsrøyret blir sett på plass.
Etter
Etter operasjonen blir barnet observert på oppvåkningsavdelinga hos oss. Barnet kan vere uroleg etter narkosen. Årsaka kan vere sovemedisinen og treng ikkje å vere på grunn av ubehag eller smerter etter operasjonen. Barnet får behandling for smerter og eventuelt kvalme. Det er viktig at barnet får ro i denne fasen. Det er berre foreldre/føresette som bør vere med barnet på sjukehuset.
I utgangspunktet kan alle barn som får utført denne operasjonen reise heim samme dag. Pasientar som har meir enn 1 time reiseveg til sjukehuset, overnattar med pårørande på pasienthotell. Dersom barnet må leggast inn på sjukehus i samband med operasjonen, skjer det på barneposten saman med ein pårørande.
Smertelindring: Før heimreise vil legen som opererte og sjukepleiar gi informasjon om operasjonen og kva de må passe på vidare. Barnet vil vanligvis ikkje smerter etter denne operasjonen. Ved behov for smertelindring tilrår vi å bruke Paracet.
Øyret må beskyttast: Pasienten skal halde øyret heilt tørt den første veka etter operasjonen. Deretter kan ein bade og dusje som vanleg. Skal pasienten til utlandet, bør øyret beskyttast ved bading i basseng grunna ein annan bakterieflora enn i Norge. Bruk for eksempel ein bomullsdott med feit salve/vaselin i øyregangen, eller spesialprodukt frå apotek.
Fysisk aktivitet: Blødningsfaren etter denne operasjonen er liten. Vi tilrår likevel at barnet bør unngå tung fysisk aktivitet i éi til to veker etter operasjonen.
Dusj/bad: For å redusere risikoen for blødning, bør barnet unngå varmt vann i dusj og bad i to dagar etter operasjonen.
Fråver: Barnet kan vanlegvis gå i barnehage/skule dagen etter operasjonen.
Kontroll/oppfølging: Høyrsla vil ofte vere betre allereie like etter operasjonen. Pasienten blir følgt opp med kontrollar hos privat ØNH-spesialist eller hos oss. Ny operasjon kan bli aktuelt viss ventilasjonsrøyret ikkje fell ut av seg sjølv etter to år. Andre gonger fell ventilasjonsrøyret ut raskt og det kan bli behov for ny operasjon viss det har danna seg ny væske i mellomøyret.
Ver merksam
Behandling med ventilasjonsrøyr er ein vanleg og trygg prosedyre med få komplikasjonar. Dei første 2 vekene etter operasjonen kan de ta direkte kontakt med oss om barnet får plager frå øyrene. Viss det går lengre tid, skal fastlege kontaktast.
Komplikasjonar som kan inntreffe er:
Sekresjon: Renning frå øyret er vanleg dei første dagane etter operasjonen. Dette kan observerast i eit par dagar, før ein forsøker eddikskylling: Bland 1 del hushaldningseddik 7 % med 3 deler kokt vatn. Avkjøl til omtrent kroppstemperatur. Drypp/skyll dette i øyret to gonger dagleg med ei 10 ml sprøyte. Dersom det renn frå øyret lengre enn 1 veke, ta kontakt me oss. Då vil vi undersøke om barnet har fått infeksjon.
Infeksjon: Øyrebetennelse kan oppstå sjølv om eit ventilasjonsrøyr er på plass. Det kan også komme infeksjon i trommehinna rundt sjølve ventilasjonsrøyret. Øyredråpar er oftast tilstrekkeleg behandling.
Hull på trommehinne (perforasjon): Kan skje viss ventilasjonsrøyret fell ut eller eit langtisdsventilasjonsrøyr blir fjerna og holet ikkje gror. Holet kan eventuelt seinare bli lukka med ein eigen operasjon.
Arr: Alle formar for irritasjon av trommehinna, som gjentatte øyrebetennelsar og fleire ventilasjonsrøyrbehandlingar, kan gi kalkdanning i trommehinna. Dette er ufarleg og påverker oftast ikkje høyrsla.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Øre-nese-hals
Oppmøtestad
Øyre-Nase-Hals
1. etasje, Haugesund sjukehus
Telefon: 52 73 24 60

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund