Undersøking
EKG-langtidsregistrering
Vi gjer langtids EKG-registrering for å påvise hjarterytmeforstyrringar som ikkje blir fanga opp ved vanleg EKG-taking. Registreringa blir gjort med eit såkalla Holterapparat som består av ein liten bandopptakar med leidningar som vi festar med klistrelapper på overkroppen din. Langtids EKG-registrering varer vanlegvis i 24 timar, men i nokre tilfelle opp til 72 timar. Registreringa blir gjennomført medan du gjer daglege aktivitetar.
Før
Det er viktig at du har rein og tørr hud utan fuktkrem når du kjem til poliklinikken for tilkopling.
Under
Tilkopling og rettleiing om Holterapparatet tar 10 til 20 minutt. Dette blir gjort av ein sjukepleiar.
Det er viktig at du har så normal aktivitet som mogleg under registreringa. Du må gjerne gjere aktivitetar du trur kan utløyse ei hjarterytmeforstyrring. Dersom du i løpet av denne tida får symptom på hjarterytmeforstyrring, er det viktig at du registrerer dette, og dessutan tidspunkt og aktivitetsnivå på registreringsskjemaet du får utlevert.
Holterapparatet toler ikkje vatn og du kan ikkje dusje med dette påkoblet. Om det er aktuelt med dusjing i registreringsperioden, vil du få opplæring i korleis apparatet skal koplast av og på igjen. Det kan vere greitt å ha ein liten tettsittende T-skjorte, spesielt om natta, slik at leidningane og klistrelappene held seg i ro.
Du bør unngå ekstrem fysisk aktivitet under registrering då dette gir dårleg opptak.
Etter
Du skal levere Holterapparatet tilbake til poliklinikken som avtalt. Resultatet av undersøkinga sender vi til fastlege eller tilvisande lege.
Kontakt
Odda sjukehus
Medisinsk sengepost Odda
Odda sjukehus
Sjukehusvegen 10, 5750 Odda