Endometriose, medikamentell behandling
Målet med medikamentell/hormonell behandling av endometriose er å oppnå symptomlindring med lav dose og minst mulig bivirkninger. Hormonell behandling har ikke vist å bedre fertilitet, behandle endometriomer eller begynnende komplikasjoner av dypt infiltrerende endometriose.
Under
Smertelindrande behandling
Dersom du har fått påvist eller har mistanke om at du lid av endometriose er første ledd i behandlinga smertestillande medikament og samtidig prøve å avgrense menstruasjonsblødingane.
Av smertestillande anbefaler vi NSAIDS (betennelsesdempande medikament) som for eksempel:
- ibumetin
- naproxen
- diklofenak
Desse kan eventuelt takast i kombinasjon med paracetamol.
Hormonell behandling
Hormonell behandling blir brukt for å dempe eller aller helst fjerne menstruasjonsblødingane. Det vil ikkje kunne brukast samtidig som du prøver å bli gravid. Vi vil her kort gå gjennom dei vanlegaste medikamenta som blir nytta. Det vanlegaste er behandling med p-piller, hormonspiral eller minipille (Cerazette).
Det finst mange typar p-piller på marknaden. Desse kan ha litt ulik biverknadsprofil. Om du får plagsame biverknader, kan det derfor vere lurt å skifte merke. Dei fleste p-piller inneheld aktive tablettar med hormon i 3 veker, følgde av «sukkerpiller» (inneheld ikkje hormon) eller pille-pause i 7 dagar. I denne pausen får ein menstruasjon.
For å behandle smerter ved endometriose anbefaler vi p-piller som blir tatte kontinuerleg. Du droppar da pausen og unngår å få menstruasjon.
For mange er dette ei god behandling av endometriose-relaterte plager, og vil ikkje påverke den framtidige fruktbarheita di.
Kontinuerleg bruk av p-pille – framgangsmåte
- Når du har brukt opp dei aktive tablettane på brettet (cirka 3 veker), gå rett vidare på neste brett. Ta éi p-pille kvar dag. Om du har p-piller med «sukkerpiller» som ikkje inneheld hormon, skal du ikkje ta desse.
- Det er individuelt kor lenge du klarer å forskyve menstruasjonen framfor deg på denne måten. Småbløding etter langvarig bruk betyr at du treng å støyte av livmorslimhinna, det vil seie å ha ein menstruasjon, før du blir blødingsfri igjen.
- Du framkallar ein menstruasjon ved å ta 3–4 dagar pillepause. Etter pausen fortset du vidare med éi pille dagleg og kan få lang blødingsfri periode før behov for neste pille-pause.
Viktig å vete
- Uregelmessige blødingar dei første 3 månadene på p-pille er vanlege. Dersom du startar rett på kontinuerleg p-pille, må du vere litt tolmodig. I løpet av det første året vil rundt 80 prosent ha oppnådd blødingsfridom.
- For sikker prevensjon må det vere minst 3 veker mellom p-pille-pausane.
- Framgangsmåten som er beskriven, gjeld berre for p-piller som inneheld same mengde hormon i alle dei aktive tablettane. Sekvens p-piller (for eksempel Qlaira og Synfase) har ulikt hormoninnhald i løpet av p-pillebrettet og kan ikkje brukast kontinuerleg.
- Minipiller (Cerazette) er eit gestagen som blir omtalt nedanfor. Minipiller skal alltid takast kontinuerleg.
Du kan også få skrive ut legemiddel som etterliknar det kvinnelege kjønnshormonet progesteron (gestagener). Gestagener kan fåast i pilleform, som spiral eller p-stav, eller som ein injeksjon med ei sprøyte.
Hormonspiral (Levonogestrel)
Hormonspiral gir lokal frigjering av gestagen og kjem i 3 doseringar. For endometriose anbefaler vi den med mest hormon (Mirena™/Levosert™). Dei svakare hormonspiralane gir oftare mellomblødingar. Hormonspiral har også vist god effekt etter kirurgisk behandling.
Tablettar
Det finst fleire ulike typar tablettar. Her nemner vi dei vanlegaste i Noreg. Du får rettleiing om bruk og dosering av legen som skriv ut medikamenta til deg.
- Medroxyprogesteronacetat, MPA (Provera™).
- Blir dosert 10mg x3. Ved god effekt kan du prøve å redusere dosen.
- Noretisteronacetat, NETA (Primolut-N™). Blir dosert normalt 1 tablett dagleg (5 mg). NETA har både østrogen- og gestageneffekt og derfor noko betre biverknadsprofil enn andre gestagener.
- Dienogest (Visanne™). Medikamentet er ikkje på blåresept i Noreg. Du kan søke refusjon, men må da legge fram dokumentasjon på preparat du har prøvd som du ikkje kan bruke. Det krevst vanlegvis at Gnrh-analog og MPA (Provera, Depo-Provera) er freista.
- Desogestrel (Cerazette™). Mot endometriose anbefaler vi 150 mg dagleg. Dette svarer til innhaldet i 2 tablettar Cerazette™.
P-sprøyte (Depo-Provera™)
Vikestoffet er medroxyprogesteronacetat, MPA som i Provera-tablettar. Vanleg startdosering av Depo-Provera mot endometriose er ei sprøyte (150mg) kvar 3.–6. veke. Avhengig av respons kan dosering justerast og eventuelt settast sjeldnare.
Depo-Provera blir også kalla p-sprøyte og blir da vanlegvis sett kvar 12 veke. Vi anbefaler at du prøver tablettar (10 mg x 3) først, slik at du raskt kan slutte med behandlinga ved uakseptable biverknader.
P-stav (Nexplanon™)
Inneheld etonorgestrel og og har vist å ha effekt på menstuasjonssmerter, men har noko usikker blødingskontroll.
Tilleggsbehandling med østrogen
Gestagen blir også omtalt som progestin. Ved høg dose og langvarig behandling med gestagener (typisk Medroxyprogesteronaceta) kan risiko for beinskjørheit auke. I nokre tilfelle kan det vere aktuelt å gi ein liten dose østrogen for å motverke dette. Dette blir kalla for «add-back» og blir omtalt under avsnittet om GnRH-analoger.
GnrH-analoger er medikament som hemmar produksjonen til eggstokkane av østradiol (østrogen). Endometriosevev blir aktivert av østrogen. Reduksjon av østrogennivået i kroppen hemmar endometrioseaktivitet og lindrar derfor endometriosesmerter. Desse medikamenta blir gjerne prøvde viss anna hormonell behandling ikkje har fungert godt nok. Du får rettleiing om bruk og dosering av legen som skriv ut medikamenta.
Dei vanlegaste preparata med dosering
- Goserelin (Zoladex): Vanlegvis 3,6 mg implantat kvar 4. veke eller eventuelt 10,8, mg, kvar 12. veke. Implantatet blir sett inn av lege eller sjukepleiar.
- Leuprorelin (Procren): Vanlegvis 3,75 mg sprøyte kvar 3–4. veke eller eventuelt 11,25 mg kvar 12. veke. Sprøyten blir sett av lege eller sjukepleiar.
- Nafarelin (Synarela): 1 dose nasespray morgon og kveld (totalt 400 µg). Nasespray tar du sjølv.
Bruk
Alle GnRH-analoger kan føreskrivast på blåresept. Behandlinga bør startast under menstruasjon eller direkte frå anna hormonell behandling.
- Ved oppstart av Gnrh-analog aukar eggstokkane sin østrogenproduksjon ein kort periode før produksjonen blir hemma. Mange får da ei forbigåande forverring kalla «flare-up». Dette skjer 1–2 veker etter oppstart og kan vare opptil 2 veker. Det er da vanleg med ei menstruasjonsliknande bløding og auka smerter. Blir behandla ved behov best med NSAIDS (betennelsesdempande medikament) som for eksempel Ibux eller Naproxen.
- Når østrogennivået har blitt tilstrekkeleg lågt, etter cirka 4 veker, opplever dei fleste «overgangsalder-plager». Det vanlegaste biverknadene er hetetokt, søvnforstyrring og tørrheite i skjeden. Nokon kan også oppleve mismot. Ved store plager bør du kontakte behandlaren eller fastlegen din.
- Behandling over lengere tid (over 6 månader) gir risiko for å utvikle beinskjørheit (osteoporose). Fysisk aktivitet og rikeleg inntak av kalk og D-vitamin motverkar beinskjørheit og blir anbefalt alle.
Tilleggsbehandling – «add-back»
For å lindre biverknadene og verne mot beinskjørheit kan det vere aktuelt med lågdose østrogen-gestagen preparat. Dette kan givast utan å aktivere endometriosen. Behandling med østrogen-gestagen blir ofte starta opp ved sprøyte nr. 2 (etter 4 veker), og blir ca. avslutta 2 veker før effekten av Gnrh-analog er forventa å vere over.
Ved behandling kortare enn 6 månader blir gitt add-back for å unngå plager og er derfor ikkje nødvendig. Ved behandling over 6 månader blir hormontilskot anbefalt for å unngå beinskjørheit seinare i livet.
Eksempel på tilleggsbehandling/add-back
- Tablettar: Activelle/Cliovelle, Livial, Indivina, Primolut.
- Plastar: Estalis.
- Dersom du har hormonspiral, kan du nytte Progynova 1 mg (tabl) eller Estradot 50 ug (plaster)
Varigheit
Gnrh-behandlinga blir vanlegvis avslutta etter 3–6 månader. Det er vanleg med kontroll eller telefonsamtale for å vurdere effekten. Når behandlinga er ferdig anbefaler vi at du byter til ein annan type hormonbehandling som undertrykker menstruasjonen. Slik kan du prøve å hindre at aktiviteten i endometriosen tar seg opp igjen etter nedreguleringa.

Etter
Endometriose er ei kronisk liding. Derfor vil mange ha behov for ei form for behandling heilt til dei kjem i overgangsalderen (klimakteriet). Om du ikkje oppnår betring med medikamentell behandling, kan ein vurdere kirurgi.

Kontakt
-
Kontakt Gynekologisk sengepost
Oppmøtestad
Gynekologisk sengepost finn du i 3. etasje i nybygget Sydvest på Haugesund sjukehus. Vi held til saman med fødeavdelinga.
Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Besøkstider Haugesund sjukehus
- I dag 17:00 - 18:30
- Måndag 17:00 - 18:30
- Tysdag 17:00 - 18:30
- Onsdag 17:00 - 18:30
- Torsdag 17:00 - 18:30
- Fredag 17:00 - 18:30
- Laurdag 17:00 - 18:30
- Søndag 17:00 - 18:30
Transport
Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.
www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)
www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland
Praktisk informasjon
Kantina i 6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.
Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.
Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.
Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje
Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.
Parkeringshuset har tre ladeuttak.
Reserverte parkeringsplassar
Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.
Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.
Parkeringsavgift
Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på p-automatane.
Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.
Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.
Slik gjer du:
1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for brukBruk av trådlaust nett er gratis.
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og hotell.
God surfing. -
Kontakt Svangerskap og gynekologisk poliklinikk, Haugesund
Oppmøtestad
Du finn oss 3. etasje i nybygget ved Haugesund sjukehus. Gå inn resepsjonen i 1. etasje, deretter gjennom dei doble dørene ved Narvesen kiosken og ta heis eller trapp opp til vår avdeling.

God surfing.