Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Epilepsi - førerkortvurdering
Ved epilepsi eller gjennomgått epileptisk anfall er det lover og reglar som regulerer om du oppfyller helsekrava til førarkort. For å vurdere om du oppfyller helsekrava inngår ei vurdering av din sjukehistorie og ei utgreiing. Det kan vere nødvendig med ei langtids-EEG-registrering.
Som sjåfør har du sjølv ansvar for at du oppfyller krava til trafikksikkerheit. Epileptiske anfall under bilkøyring kan ha alvorlege konsekvensar fordi merksemda blir redusert og du kan få auka reaksjonstid. Ved epilepsi og epileptisk anfall er det derfor lover og reglar som regulerer om du oppfyller helsekrava til førarkort
EEG kan registrere endringar i hjernens elektriske aktivitet, for eksempel i form av epileptisk anfall/aktivitet og kan ofte seie noko om kor sannsynleg det er at du skal få fleire epilektiske anfall.
Møt opp med nyvaska hår utan hårprodukt i. Hugs å ta med hårbørste eller kam.
Ta faste medisinar, inkludert medisinar mot epilepsi, som vanleg.
Under
Ved langtidsmonitorering med EEG ved førarkortvurdering blir du som regel lagt inn så vi kan vurdere om du tilfredsstiller krava for å ha førarkort. Undersøkinga er 1 døgn med langtidsmonitorering med EEG og video. Vi ønsker å sjå om du under registreringa kan ha små korte anfall du kanskje ikkje legg merke til sjølv.
Det kan hende at vi testar merksemda di ved å be deg gjenta det dei seier til deg eller svare på enkle spørsmål. Det vil også bli gjort vanleg hyperventilering (puste dypt og fort) og det kan bli bist raske lysglimt under registreringa (flikkerstimulering).
Du får meir informasjon om dette når du kommer til undersøkinga.
Har du ofte korte utbrot med epileptisk aktivitet i EEG, vil det også bli gjort ein test av reaksjonstida di med PC-basert testutstyr der du skal trykke så raskt du kan når det skjer ein lysblink. Nokre vil også bli testa i ein enkel PC-basert køyresimulator med ratt og pedalar. Du får god informasjon på forhånd om korleis testen verkar.
Du kan også bli bedt om å telje eller lese høgt frå ei bok over ein periode.
Undersøkinga er smertefri.
Sjå filmen «Kan eg køyre bil?»
Etter
Undersøkinga gir ikkje biverknader eller komplikasjonar.
Du vil få samtale med legen din om resultatet før du reiser heim.
Ofte stilte spørsmål
Har eg krav på førarkort dersom eg ikkje har hatt anfall på eitt år?
Nei. Viser undersøkinga at du har små korte anfall med tydeleg redusert bevisstheit og reaksjonsevne som du ikkje er klar over sjølv, kan det hende at legen vurderer at du likevel ikkje tilfredsstiller krava, sjølv om du sjølv opplever at du er anfallsfri.
Gjeld førarkortreglane også ved øvingskøyring?
Ja, det er dei same helsekrava for øvingskøyring. Det kan derfor hende du blir tilvist hit til undersøking når du er 15 år, når det er spørsmål om du kan begynne å øvingskøyre når du blir 16.
Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.
Parkeringshuset har tre ladeuttak.
Reserverte parkeringsplassar
Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.
Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.
Parkeringsavgift
Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på p-automatane.
Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.
Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.
På helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.
Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.
Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det.
Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.
Kantina i 6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.
Opningstider: Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.
Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.
Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.
Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.
Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La verdisaker vere igjen heime.
Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.
Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, krykker, rullator og rullestol.
God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.