Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fedme hos vaksne

For å vurdere om fedmen din er så helseskadeleg at han må behandlast ved sjukehus, må du og fastlegen saman sjå på BMI, midjemål og andre risikofaktorar. Den primære behandlinga av sjukleg overvekt er åtferdsbehandling med fokus på endring av livsstil. Pasientar som har prøvd alt anna utan å lykkast kan etter grundig utgreiing tilvisast til fedmeoperasjon.

Auka risiko for helseproblem

Sjukleg overvekt er knytt til auka risiko for andre helseproblem som redusert livskvalitet, tilleggssjukdommar og tidleg død. Døme på tilleggssjukdommar er diabetes type 2, høgt blodtrykk, hjarte-karsjukdommar, pustestopp under søvn (søvnapné), slitasjeforandringar i vektberande ledd og nedsett fruktbarheit hos kvinner. Vekttap vil betre desse helseproblema eller fjerne dei heilt.

Fedmeoperasjon blir vurdert som siste utveg ved sjukleg overvekt. Det er viktig å vere klar over at operasjon sjeldan er tilstrekkeleg for å oppnå eit varig vekttap. Det viktigaste er endringar i kosthald og fysisk aktivitet.

Tilvising og vurdering

Tilvising frå fastlege blir vurdert etter nasjonale retningslinjer. Dei nasjonale kriteria for vurdering med tanke på fedmeoperasjon er BMI 40 eller meir, eller BMI 35–39 med fedmerelatert tilleggssjukdom. Eksempel på slike tilleggssjukdommar kan vere nattleg pustestans (søvnapné), høgt blodtrykk og diabetes type 2.

Kirurgisk behandling kan vurderast om ein ikkje kjem til mål med konservative tiltak, og følgande kriterium er oppfylte:

BMI ≥ 40

eller

BMI 35 – 39 med fedmerelaterte sjukdommar:

  • diabetes type 2
  • hjarte-/karsjukdom
  • hypertensjon
  • PCOS
  • søvnapné
  • artrose i vektberande ledd

Informasjon om BMI (KMI) på helsenorge.no

I samsvar med nasjonale retningslinjer blir kirurgi tilbode til pasientar over 18 år.

Eksklusjonskriterium for kirurgi er alvorlege spiseforstyrringar (anoreksi/bulimi), alkohol- og stoffmisbruk (skal ha vore rusfri i minst to år før kirurgi) og alvorleg psykisk sjukdom.

Følgande opplysningar bør inkluderast i tilvisinga

  • Høgde, vekt og BMI (obligatorisk)
  • Tidlegare sjukdommar, andre kroniske sjukdommar, også psykiske, inkluderte spiseforstyrringar
  • Medikamentanamnese
  • Oppstart og utvikling av overvektproblema: Tidlegare forsøk på vektreduksjon. Korleis påverkar fedmen funksjonsstatusen, sosiale situasjonen og psykiske helsa til pasienten? Kartlegging av eventuelle komplikasjonar til fedmen.
  • Naturlege funksjonar: Søvnmønster, og dessutan symptom på søvnapné (snorking, pustestopp). Vekt under og etter graviditet.
  • Stimulantia: Røyk, snus, alkohol og andre rusmiddel.
  • Forventningane og motivasjonen til pasienten: Kva ønsker pasienten å oppnå? I kva grad er pasienten motivert for behandling og oppfølging?

Utgreiing

Behandling

Oppfølging

Kontakt

Haugesund sjukehus Kirurgi Haugesund
Ventetid: Ikke oppdatert

Ventetid: Ikke oppdatert

Kontakt Kirurgi Haugesund
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Ventetid

Ikke oppdatert ventetid for utredning

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.