B4DT

Fire dagars behandling for angstlidingar og tvangslidingar (OCD)

The Bergen 4-day Treatment (B4DT) er ei konsentrert eksponeringsbehandling for tvangslidingar, men er også tilpassa til bruk for andre psykiske lidingar, slik som panikkliding og sosial angstliding. Behandlinga går over fire dagar og har svært gode resultat.

4-dagersbehandlinga har vist seg å vere svært verksam. Ved oppfølging etter 1 veke har 90 prosent opplevde ei klar betring, og fire år etter behandlinga er nesten 70 prosent kvitt lidinga. (helse-bergen.no). Behandlinga er svært godt likt av pasientane og dei fleste som startar, gjennomfører.

B4DT byggjer på kjende behandlingsprinsipp, men der behandlinga tidlegare vart delt opp i 45-minutt sesjonar og spreidd over fleire månadar, blir B4DT gitt i løpet av fire dei etterfølgjande dagane i grupper på tre til seks pasientar og tilsvarande talet på behandlarar.

Tilvising og vurdering

Pasientar som ønskjer og er aktuelle for 4-dagars behandling kan tilvisast av fastlege eller anna tilvisande helsepersonell.

Tilvisinga bør beskrive

  • informasjon om varigheit av lidinga
  • aktuell tematikk for angstplagene
  • i kva grad dei påverkar funksjonsnivå og dagleg tidsbruk

Før

Før du startar opp, må du sjølv ha teke eit val om å bli kvitt lidinga og å gå fullt inn for dette. I seg sjølv kan dette vere krevjande, og vi bruker derfor tid før oppstart både på å kartleggje lidinga di, og å sikre at du har fått nok informasjon om kva behandlinga inneber.

Dersom vi tenkjer at denne behandlinga kan vere nyttig for deg, og du ønskjer å ta imot tilbodet, må du setje av dei fire dagane og gi behandlinga full merksemd.

Behandlinga må vere skreddarsydd for deg og lidinga di. Derfor er det viktig med god utgreiing og diagnostisering før du får tilbod om behandlinga.

Under

Behandlinga kombinerer dei beste elementa frå individuell behandling med den draghjelpa ein får ved å jobbe side ved side med andre som går gjennom den same snuoperasjonen.

Når pasientane blir bedne om å bruke maks fem ord på å beskrive behandlinga seier dei gjerne tinga som «hardt arbeid», «krevjande», «berg-og-dal-bane» og når dei blir bedne om å beskrive resultatet seier dei ofte: «magisk» «forandra livet», «dei viktigaste dagane nokon gong». Siste dag av gruppa blir det også laga ein plan for å hjelpe deg med å få endringa frå 4-dagersbehandlinga til å bli ein del av kvardagen.

Etter

3 månadar etter

Allereie før du startar opp, planlegg vi oppfølginga. Denne blir delt mellom den klinikken der du har fått behandling, og Klinikk for 4-dagars behandling ved Haukeland universitetssjukehus. Klinikken der du har fått behandling vil gi deg ein oppfølgingstime tre månader etter gruppa. Det er også denne klinikken du skal kontakte dersom det er noko som oppstår.

10 dagar etter

4-dagars behandlinga inneber at du 10 dagar etter gruppa får ein samtale med ein av oss på Klinikk for 4-dagars behandling i Helse Bergen. Vi vil ringje deg opp for å høyre korleis det går med deg, og vil gi deg skreddarsydde råd om korleis du skal sikre at endringa held seg. Dette vil vi gjenta etter tre månader.

3 veker etter

Dei tre første vekene etter gruppa vil du også dagleg registrere på nett korleis du jobbar med endringa. Vi samarbeider tett med den lokale klinikken din, og dei vil få tilbakemelding frå oss om korleis det går.

For at du skal få denne viktige oppfølginga som er ein integrert del av 4-dagars behandlinga, blir sekundær-vist du allereie før oppstart til Klinikk for 4-dagars behandling, og før du startar i gruppe, svarer du på ein del spørsmål om plager knytt til lidinga di.

Kontakt

Haugaland DPS

Kontakt Haugaland DPS

Oppmøtested

Floravegen 75
5535 Haugesund

Oppmøtested

Asaldalvegen 1
4250 Kopervik

Oppmøtested

Karmsundgata 120
5528 Haugesund
Haugesund sjukehus, 1. etasje

Oppmøtested

Kirkegaten 103
5528 Haugesund