Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fjerning av cyste på eggstokker

Ein cyste er ei væskefylt blære som kan sjåast på overflata av eggstokken. I samband med den normale eggløysinga blir ei rekke mindre cystar danna (follikkelcystar). Men det er også andre årsaker til cystedanning i eggstokkane.

Symptom

Symptom på at du har cyste på eggstokk er smerter, trykksanseinntrykk, hyppig vasslating og auka magestørrelse.

Follikkelcystar, det vil seie dei som normalt blir danna kvar månad, blir observerte gjennom éin eller to menstruasjonssyklusar, og dei fleste vil forsvinne av seg sjølve. Om cysten veks eller endrar seg blir det aktuelt å operere. Får du akutte smerter, må  du kontakte lege.

Cystar hos eldre kvinner kan ha noko større risiko for kreftutvikling.

Tilvising og vurdering

Legen viser deg til utgreiing ved gynekologisk avdeling. Årsaka til dette er at du enten har symptom  eller at det er utført undersøkingar som gir mistanke om cyste på eggstokk.

Utgreiing kan ventast innan 3 månader. Dersom vi mistenker vondarta sjukdom, skjer start av utgreiing innan 14 dagar.

Det skal tydeleg komme fram i tilvisinga kva som utløyser grunngitt mistanke om cyste på eggstokk. Tilvisinga skal sendast elektronisk (klart å føretrekke) eller skal formidlast per telefon (unntaksvis) etterfølgd av tilvising på papir (faks eller post). Tilvisinga skal sendast til gynekologisk avdeling.

Sjekkliste for tilvising

  • symptomdebut
  • hormonbehandling (prevensjon/hrt)
  • tidlegare operasjonar buken/bekken
  • infertilitetsbehandling
  • overvekt
  • pcos
  • familieanamnese kreft

Simpel cyste (éin-/to-kamret, glattvegget)

Folikkelcyste, corpus luteum, endometriom, teratom/dermoid. Benigne kriterium på ultralyd.

Premenopausalt

< 4 cm – inga oppfølging utan symptom

4–8 cm utan symptom: UL-kontroll etter 3 månader, om uendra, kontroll etter 6 månader, 1 år

4–8 cm med symptom: Vurder kirurgi

> 8 cm: Kirurgi (ved tvil kan CT vere aktuelt)

CA-125 blir målt > 4 cm

Dermoid/teratom

Kan observerast, spesielt ved barneønske dersom:

  • ingen symptom
  • normal CA125
  • cyste < 6 cm
  • årleg vekstrate < 2 cm

Postmenopausalt

Ofte indikasjon for kirurgi ved forhøgd CA125 eller/og > 5 cm (CT aktuelt).

<5 cm kontroll 3 månader, om uendra kontroll 6 månader, 1 år og 2 år. Gjerne hos privatpraktiserande gynekolog. Avslutt dersom ingen vekst og CA125 normal

Ved vekst/symptom: Kirurgi

Før

Under

Etter

Ver merksam

Dersom du får feber, kraftig bløding eller aukande smerter, bør du ta kontakt med sjukehuset. Det same gjeld dersom du får heving i beina eller aukande tungpust.

Ved alle operasjonar er det risiko for komplikasjonar, både under og etter operasjonen. Narkose/bedøving medfører også ein liten risiko.

  • Bløding og infeksjon kan skje. Skadar på tarm, urinblære, urinleiarar eller nervar kan hende, men svært sjeldan.
  • Blodpropp kan oppstå sjølv om ein gir blodfortynnande medisin.

Kontakt

Stord sjukehus Gynekologisk sengepost, Stord
Ventetid: Ikke oppdatert

Ventetid: Ikke oppdatert

Kontakt Gynekologisk sengepost, Stord

Oppmøtestad

Vi held til i underetasjen (U1) på Stord sjukehus.

Besøkstid for pårørande:

Klokka 17.00-18.30 alle dagar.

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64, 5416 Stord

Transport

​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no.

OBS: Ved søk i reiseplanleggaren må du skrive «Fylkessjukehuset» dersom du skal til/frå Stord sjukehus eller Stord DPS, då dette er Skyss sitt haldeplassnamn for dette busstoppet.

Ventetid

Ikke oppdatert ventetid for utredning

Ikke oppdatert ventetid for dagbehandling

Ikke oppdatert ventetid for innleggelse

Praktisk informasjon

​Det er ikkje publikumsapotek på sjukehuset, men det er fleire apotek i og rundt Leirvik sentrum.

Måndag-sundag: 17.00-18.30

Det er eigne besøkstider og reglar for føde og barsel.

Oppdatert informasjon finn du på sida om besøkstider

​Nærmaste daglegvare er Spar Ådland, Olvikvegen 52, 5416 Stord. 1.5 km med bil, 500 m til fots på gangsti bak ambulansestasjonen.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Publikumskantine finn du i underetasjen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 11.00-14.00. Det er stengt i helger og på heilagdagar.

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Nærmaste minibank Stord sjukehus: Sparebanken Vest, Leirvik sentrum.

Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift.
 
Det er innført skiltgjenkjenningssystem på Stord sjukehus. Du får tilsendt faktura frå ParkPay etter inn- og utkøyring. 
 
​Pris for å parkere er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.
 
Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov. 
 

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.